Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Bekslehornet, rute 62

Om turen

Gradering

Kommune

Vanylven

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

3,1 t/r

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Fin utsikt tilbake mot Beksle. Juvatnet til venstre og Bekslevatnet til høgre.
Utsikt frå toppen mot aust og Movatnet.
Flott utsikt sørover. Hornelen i det fjerne.
Frå Parkeringa går ein grusvegen mot Bekslehornet.

Bekslehornet, rute 62

Fotograf: Odd Westerås

Kvifor gå denne turen?

Ein forholdsvis lettgått tur. Turen startar på Bekslesætra som ligg mellom Bekslevatnet og Juvatnet nær grensa til Sogn og Fjordane. På Beksle var det sæter-/støylsdrift i eldre tider. Det var også møteplass for folk frå Sunnmøre og Nordfjord.
Bekslevatnet og Juvatnet er gode fiskevatn. Flott utsikt frå Bekslehornet. Om ein vil gå ein lenger tur er ruta mot Heida og ned til Kvilehytta eit flott alternativ.

Kvar i terrenget går turen?

Ruta startar frå Beksle, som ligg ved Fv 61 mellom Åheim og Bryggja/Maurstad. Frå parkeringa går ein grusveien austover. Der stigninga startar er det skilt som viser retninga. Det er godt synlig sti og ruta er godt merka. Ein går ryggen oppover og det er lett å finne fram. Eit par hundre meter før toppen kjem ein til ein stein der det er skilta vidare. Her tek ein til høgre og går rett opp mot topp-punktet.

Kulturminne

Beksle: På Beksle står fortsatt sel og rester etter sel som viser at her var støylsdrift.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå krysset på Åheim, køyrer ein over brua mot Måløy på Fv 61. Parkeringa og rutestart ligg på Maurstadeidet, 7,6 km frå krysset på Åheim. Parkering og rutestart ligg på Beksle mellom Bekslevatnet og Juvatnet.

Kvar kan du parkere?

Gratis og god parkering ved rutestart.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 0,2
Traktorveg 0,1
God sti 2,8
Lengde tur/retur (km) 3,1 t/r
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 100 25
Bratteste helning ned 100 25
Total stigning 370 Høydemeter

Mobildekning

Begrensa dekning på Beksle, men den bedrer seg oppover i terrenget.

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven.