Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Volda

Type tur

Sykkeltur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

29,8 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Første del av turen har fin utsikt mot Mork, Egset og Helgehornet
Ein passerer Aasentunet
Utsikt mot Ørsta
Flott frå Berkneset og inn Voldsfjorden

Berkneset rundt

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

Flott sykkeltur i lett terreng og med lite biltrafikk. Mange fine plassar å stoppe. Ein passerer Aasentunet på denne turen. Her kan det vere verdt å gjere ein stopp. http://www.aasentunet.no/

Kvar i terrenget går turen?

Turen startar ved Volda omsorgssenter. Ein kan enten ta gangvegen mellom bygga eller sykle ned Gamle Engesetveg og så ta til høgre ut Gamlevegen. I krysset Gamlevegen/Nordalsvegen skal du ta vegen rette fram nedanfor nedste husrekka. Då kjem du inn på gang- og sykkelvegen langs E39. Følg denne til endes. Kryss E39 og følg vegen rett fram (Morkavegen). Vis varsemd når du kryssar E39! Du kjem inn på FV47 og skal følge denne heile vegen rundt til Hovdebygda. Ved Eiksundsambandet følger du vegen langs Ørstafjorden gjennom nokre gardstun (Sjøvegen). Når du kjem til ein bratt bakke i Hovdebygda, skal du opp denne bakken. Ta så til venstre langs Ytrehovdevegen til du kjem til Indrehovdevegen. Denne følger du forbi Aasentunet og du kjem etterkvart på gang- og sykkelveg langs E39 mot Volda. I Furene tek du vegen som går parallelt med E39 gjennom eit industriområde. Snart er du tilbake der du starta turen. Då fyl du denne tilbake til start. Turen går stort sett i flatt terreng. Det er likevel nokre bakkar, men dei er verken veldig lange eller veldig bratte.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Turen er skildra med start frå Volda omsorgssenter, men det er mogleg å starte frå alle plassar i Volda sentrum eller frå stadar langs ruta.

Kvar kan du parkere?

På ettermiddag og i helgar er det gode parkeringstilhøve ved Volda omsorgssenter.Mellom kl.8-16 kan det vere svært fullt her. Kanskje kan du parkere i Volda sentrum og sykle herifrå i staden? Dei fleste vil ikkje trenge bil.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 29,8
Lengde tur/retur (km) 29,8 km
Stigning meter grader
Total stigning 215 Høydemeter

Offentlig transport

Det går fint å starte turen både frå haldeplassen i Volda eller frå fergekaia.

Spesielle forhold

På Berkneset kan det vere fint å ta ein avstikkar ned til den gamle fergekaia. Her kan det vere fint å bade, fiske eller berre ta ein lite rast.

Kart

Sunnmørsalpane