Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Surnadal

Type tur

Fottur

Gradering

XXX Rød

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

15,6

Lengde en vei (km)

7,8

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

det er markert og god sti oppover mot turmålet.
Her, i botnen av skaret, går du oppover mot turmålet som du her ser oppe til venstre.
Siste del av turen går langs det mektige Skjerdingfjellet.
Utsyn frå Bjøråskaret.

Bjøråskaret

Fotograf: Norunn Holten

Kvifor gå denne turen?

NB! Stikk UT!- turkassen står på grunn av værforholda på toppen ved ein stor stein eit stykke nede i skaret. Steinen er like ved stien. Den stikk seg skikkeleg ut i terrenget og er kring dobbelt så høg som eit menneske. Viss du ikkje finn han, er du ikkje langt nok ned i skaret!

Målet for denne turen er vakre Bjøråskaret, 1178 meter over havet, på grensa mot Innerdalen og Sunndal kommune. Turen opp dit er lang, men ikkje så bratt, så dette kan vera eit fint turmål også for den som kanskje vanlegvis ikkje går toppturar. Høgdepunktet på turen er når du kjem opp i toppen av skaret, og fjellheimen med blant anna Innerdalstårnet, Trolla og Skarfjellet stig opp i synsfeltet.

Sidan turmålet ligg såpass høgt, må ein vanlegvis vente til rundt sankthans før den reine fottursesongen hit startar. Turen er likevel veldig populær som kombitur tidlegare på våren og sommaren. Da går ein det første stykket og tek skia på det siste. Etter snørike vintrar kan ein måtte gå på snø det siste stykket seinare på sommaren også, men da har snøen oftast festa seg og er fin å gå på.

Kvar i terrenget går turen?

Følj godt merka sti i retning Bjøråskaret og Innerdalen. Det er ganske jamn stigning heile vegen, og ein merkar derfor ikkje så godt høgdemetrane ein forserer. Denne turen manglar altså dei stupbratte bakkane ein gjerne møter på toppturar. Turen går i storslagen natur. Mellom anna er det ei oppleving å gå opp skaret langsmed det mektige Skjerdingfjellet. Oppe på toppen av Bjøråskaret, 1178 meter over havet, ventar ein storslagen utsikt over Innerdals- og Sunndalsfjella. Den som framleis ikkje er førnøgd med dagen, kan gjerne forlenge turen opp til toppen av Skjerdingfjellet eller Snøfjellet.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Køyr Todalsvegen innover mot Todalen. Etter å ha kryssa elva ved Bruset, fortsett du innover etter Markavegen. Etter ca. 2 km held du mot høgre og inn på Dalavegen. Køyr så vidare i ca. 3,7 km. Der er startpunktet for stien skilta på høgre side av vegen. Parkeringsplass finn du på venstre side ca. 100 meter etter at du passerer skilta.

Kvar endar turen?

Toppen av Bjøråskaret.

Kvar kan du parkere?

Like ved startpunktet

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 15,6
Lengde en vei (km) 7,8
Stigning meter grader
Total stigning 950 Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Mobildekning

Ja

Spesielle forhold

Stikk UT!- turkassen står på grunn av værforholda på toppen ved ein stor stein nede i skaret eit stykke.

Kart

Turkart over Trollheimen