Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Bjørke - Vikefjellet

Om turen

Gradering

Kommune

Ørsta

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

3,6 km tur / retur

Lengde en vei (km)

1,8 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Utsikt frå Haukåsen mot Bjørke, Åkre og fjorden.
Vikefjellet sett frå Bjørkehornet. Ruta skissert med blå strek.
Kartutsnitt som viser ruta frå Haukly til Vikefjellet.
Bjørke, Åkre, Finnes, Kalnes sett frå Haukåsen

Bjørke - Vikefjellet

Fotograf: Even Kåre Holte

Kvifor gå denne turen?

På denne turen får ein sjå Bjørke og indre del av Storfjorden / Hjørundfjorden frå ei litt anna retning enn det som er mest vanleg. Utruleg fin utsikt.

Kvar i terrenget går turen?

Turen startar frå parkeringsplassen til ungdomshuset Haukly, der det er god plass til parkering. Første går ein litt bratt til ein kjem opp på Haukåsen, som er eit flott utsiktspunkt mot Bjørke. Her er det vel verdt å stoppe opp for å nyte utsikta og og kanske ta nokre bilete. Vidare flatar råsa ut litt og ein går på oppsida av Saursvatnet. Etter kvart vert det litt brattare att før ein svingar mot nord og går litt slakkare mot Vikefjellet.
Når ei kjem opp på Vikefjellet ( 506 m.o.h ) kan ein på nytt nyte utsikta mot Bjørke, Finnes, Kalnes og utover fjorden og mot dei stolte fjelltoppane rundt.
Frå Vikefjellet kan ein returnere same vegen tilbake til Haukly, eller ein kan fortsette enten nedatt på merka sti mot Sætre og gå på grusvegen frå Sætre tilbake til Haukly eller fortsette vidare oppover på merka sti mot Oddekloven ( 972 m.o.h ). Desse turane kan ein lese meir om andre plassar på morotur.no.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Turen startar ved ungdomshuset Haukly på Bjørke. Dersom du kjem på E39 kan du ta av i krysset på Kalvatn mot Bjørke på FV 41 og køyre ca. 10 km. Rett etter stadnamnskiltet BJØRKE kjem du til eit vegkryss, og her tek du av til venste før du køyrer over Bruasletta Bru. Rett etter brua svingar du til venstre mot Haukly.
Dersom ein kjem sjøvegen kan ein gå ca 1 km frå sjøen og fram til Haukly.

Kvar kan du parkere?

Gode plass for parkering ved ungdomshuset Haukly, der turen startar. Dersom det av ein eller annan grunn skulle vere fullt på parkeringsplassen der, så kan du parkere i området rundt Bruaslette Bru.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Natur 1,8
Lengde tur/retur (km) 3,6 km tur / retur
Lengde en vei (km) 1,8 km
Stigning meter grader
Total stigning 450 Høydemeter

Mobildekning

Mobildeknig heile vegen.