Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Bjørlykkehornet – Koftehornet – 4H-hytta - rundtur frå Sandnessætra – Rute 20 – 21 og 22

Om turen

Gradering

Kommune

Vanylven

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

9,5 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Oversitsbilete over start- og sluttpunkt. Alternativ rute til Rystallvatnet med stipla line.
Den minste av 4H-hyttene er eit svært velstelt kulturminne.
I lett terreng mot Bjørlykkehornet og fantastisk utsikt i alle retningar.
Oversikt over turen.

Bjørlykkehornet – Koftehornet – 4H-hytta - rundtur frå Sandnessætra – Rute 20 – 21 og 22

Kvifor gå denne turen?

Rundtur og familietur i lettgått og ope terreng med vid og god utsikt store delar av turen. Undervegs passerer ein mange små vatn. Aller best utsikt er det frå Bjørlykkehornet, der ein har vidt utsyn i mange himmelretningar. Mot Stadtlandet, øyane i Sande, havet mot vest og Sunnmørsalpane i aust. Det aller meste av turen går ein i svært lett og fast terreng. Heile turen er merka med blå merke på steinar og merkepinnar, og det er skilta i stikryssa. Ein kan og gjerne legge inn ei pause ved ei av 4H-hyttene som ligg ved Rystallvatnet. Når ein kjem dit, er ein ferdig med det meste av motbakkar på turen. Begge desse hyttene er opne og kan brukast av turfolk. Resten av turen inneheld svært lett terreng og mykje flott utsikt.

Kvar i terrenget går turen?

Turen startar frå parkeringsplassen heilt på enden av vegen i Sandnesdalen. Etter å ha passert Gullidvatnet går ein dalen heilt til endes til Kleiva. Derifrå tek ein til høgre og fylgjer ryggen mot nord frå Kleiva. Det er skilta mot Koftehornet og Bjørlykkjehornet i stikrysset. Dette er det brattaste partiet på turen. Etter kvart går ryggen over i vidare og slakare landskap og ein kjem opp til Rystallvatnet 629 m.o.h. der ein gjerne kan ta ein pustepause ved ei av 4H-hyttene.
Allereie 300 meter etter parkeringsplassen er det skilta ei alternativ kortare og brattare rute til Rystallvatnet og 4H-hyttene.
Frå 4H-hyttene går turen vidare over Vardeheida og vidare utover i lett og flatt terreng til Koftehornet 705 m.o.h. der det er flott utsikt, spesielt mot havet i vest og Lisjebøra og Storebøra i sørvest. Det lette terrenget held fram utover til Bjørlykkehornet 707 m.o.h. der det er endå betre utsikt mot øyane og havet enn det er på Koftehornet. Ei alternativ rute til Bjørlykkehornet finn du på: http://mrfylke.no/Morotur/Turar/Bjoerlykkjehornet-Rute-2

Kulturminne

Den eldste og minste av dei 2 4H-hyttene ved Rystallvatnet er oppattmura av det som var igjen etter ei gamal jakthytte. Begge 4H-hyttene er opne og kan brukast til pause og overnatting.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

For å kome til startpunktet på Sandnessætra tek ein av frå riksvegen på Sandnes. Krysset på Sandnes ligg 3,2 km sør for fergekaia på Koparneset og 3,5 km nord for riksvegkrysset på Eidså. Etter å ha teke av frå riksvegen på Sandnes køyrer ein opp til den gamle riksvegen, der tek ein til høgre og køyrer 70 meter nordover før ein svingar til venstre og opp Sandnesdalen.
Parker på parkeringsplassen heilt på enden av fjellvegen. Startpunktet er skilta, det same er stikryssa, og heile ruta er godt merka. Vegen til Sandnesdalen er bomveg – kr 30,-.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 7,5
Dårlig sti 2
Lengde tur/retur (km) 9,5 km
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 200 20
Bratteste helning ned 200 15
Total stigning 450 Høydemeter

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven