Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Bjørnastighornet

Om turen

Gradering

Kommune

Ørsta

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

7,7

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Flott utsikt!
Det er tidleg flott utsyn
Nakkevatnet
Mellom Nakkevatnet og Nykkjavatnet
Nykkjavtanet og Liadalsnipa

Bjørnastighornet

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

Bjørnastighornet er for mange eit ukjent turmål. Dei fleste som går tur i dette området, vel den meir berømte Liadalsnipa. Turen til Bjørnastighornet er svært fin. Du passerer to vatn, som er fine turmål i seg sjølv, og på ryggen bort til toppen av Bjørnastighornet er det fantastisk utsikt!

Kvar i terrenget går turen?

Første del av turen, opp til Nakkevatnet, er den same som turen til Liadalsnipa. Start ved øvste garden. Gå på traktorveg langs eit gjerde og så inn på ein tydeleg sti. Hugs å late att grindene etter deg. Stien går gjennom granskog og etterkvart bjørkeskog. Når du kjem ut av skogen, flatar det litt av opp mot Nakkevatnet. Her er det fint å ta ein rast eller ei drikkepause. Dei som skal til Liadalsnipa tek no av mot høgre. Du skal følge stien som går på venstre side av vatnet. Stien er tydeleg heile vegen opp til Nykkjavatnet, og også delvis raudemerka. Det er nokre våte parti på den første delen av dette stykket. Ved Nykkjavatnet ser du ryggen du skal følge på motsett side av vatnet. Ta av til høgre når du kjem opp til vatnet,følg vatnet på sør-vestsida og vidare på ryggen som fører deg til topps (ryggen går til venstre/i austleg retning). Det er ikkje sti i starten, så du må finne di eiga rute langs vatnet. På sjølve ryggen finn du tydeleg sti. Du får ei fantastisk utsikt når du kjem bort på ryggen; ta deg tid til å nyte den! Her er nokre parti som enkelte kanskje kan oppleve som litt luftige, men det er ikkje særleg utsett.
Om du vil, kan du på returen velge å ikkje følge ryggen heilt tilbake, men ta av like etter toppen og gå ned i dalen til Nykkjavatnet. Dette kortar nok returen litt.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Ørsta mot Ålesund på E39: Ta av til Halse, ca 8 km vest for Ørsta sentrum. Køyr på grusveg, litt over 1 km, opp til den siste garden

Kvar kan du parkere?

Parkering ved den øvste garden på Halse. Pass på at du ikke står i vegen for andre! Parkeringsavgift kr. 30 (2018 - du kan Vippse)

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Traktorveg 3
God sti 4,3
Dårlig sti 0,4
Lengde tur/retur (km) 7,7
Stigning meter grader
Total stigning 830 Høydemeter

Offentlig transport

Buss mellom Volda-Ålesund. Gå av ved skilt Halse
frammr.no

Kart

Sunnmørsalpane. norgeskart.no