Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Bjørnen – rundtur Kilebrekka – Bjørnen – Øverberg – rute 55B / 69

Om turen

Gradering

Kommune

Vanylven

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

5,2

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Frå Bjørnen er det panoramautsikt. Fiskå, Sylte og Syltedalen til venstre. Syvde og Sørdalen til høgre.
På veg opp mot platået på toppen av Bjørnen. I bakgrunnen Fiskå, Sylte og Syltedalen. Stien startar der vegen opp frå Syltdalen er høgst over havet.
Nedstigning mot Øverberg. Legg merke til den flotte endemorena som viser rett over personen på biletet. Dette er endemorenen til ein botnbre som ein gang har forma delar av landskapet her.
Også i tåke kan Bjørnen bere eit godt turmål. Særleg viss ein kjem over tåka slik som her.
Utsikt mot dei høgse fjella i Vanylven. Fjellet med mest snø på toppen er Blæja.
Bjørnen sett frå nordsida av Kilebrekkvatnet. Ruta over Bjørnen følgjer i stor grad konturane av fjellet og området rundt slik det viser på dette biletet.

Bjørnen – rundtur Kilebrekka – Bjørnen – Øverberg – rute 55B / 69

Kvifor gå denne turen?

Relativt kort tur som ein gjerne kan gå som ein rundtur der ein kjem tilbake til utgangspunktet. På den korte tida får ein eit variert og vidt utsyn over store delar av Vanylven. Fleire bygder og dalar, Stadlandet og havet i vest, og dei høgste fjelltoppane i Vanylven mot aust. Turen har flate parti på toppen av Bjørnen og langs vegen nord for Kilebrekkvatnet, men på begge sider av Bjørnen er det relativt bratte grasbakkar.

Kvar i terrenget går turen?

Startpunkt frå veg til terreng er skilta både på Øverberg og på Kilebrekka. På Øverberg følgjer ein skilt mot Bjørnen og rute 55B som går vidarare til Kvistivatnet og Vassdalsbu. På Kilebrekka står det rute 69 og Bjørnen på skiltet. For å kome til startpunkta kan ein enten køyre frå Syvde gjennom Sørdalen til Øverberrg, eller frå Sylte via Syltedalen til Kilebrekka. I terrenget er turen godt merka med blå merke, og det er skilta i stikryssa. På toppen av Bjørnen er det flatt og lett terreng, medan det er bratte grasbakkar på vegen opp på begge sider av Bjørnen. Jamt over er det god og tydeleg rås (sti). GPS-fila som du finn på denne sida har start på Kilebrekka.

Kulturminne

I dette området er det mange kulturminne. På Øverberg er det framleis velhaldne hus frå gardane der det var drift fram til på 70-talet. På Kilebrekka står framleis mange av husa frå støylsdrifta, og på nedsida av vegen ca 100 meter aust for starten av rute 69 er det svært tydelege spor etter torvskjering. Både når ein kjem frå Sørdalen i Syvde og frå Syltedalen køyrer ein forbi fleire generasjonar av gamal veg til fjellet. Dette er eit tydeleg teikn på kor viktige naturressursane på fjellet var før.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Start frå Øverberg eller Kilebrekka – Du kan køyre til Øverberg og Kilebrekka enten frå Syvde eller frå Sylte. Frå Syvde tek du av ved kryss med skilt mot Sørdal og køyrer på asfalt forbi Sørdalsvatnet og til enden av dalen. Der er det grusveg opp til Øverberg. Køyr til du ser skiltet med rute 55B og Bjørnen. Dette skiltet kjem rett etter den andre ferista du møter etter at du forlet asfaltvegen. Ein kan parkere ved skiltet.

Frå Sylte tek du av mot Syltedalen og køyrer dalen nesten til endes. Ta av til fjellvegen som er på venstre side av vegen om lag midt på vatnet i Syltedalen. På det høgste punktet på vegen er du komen til Kilebrekka og skilt mot Bjørnen og rute 69.

Start frå Øverberg:

Desimalgrader: 5.68479 Ø 62.03699 N

Start frå Kilebrekka:

Desimalgrader: 5.66354 Ø 62.03808 N

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 1,2
God sti 3
Dårlig sti 1
Lengde tur/retur (km) 5,2
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 100 30
Bratteste helning ned 200 25
Total stigning 300 Høydemeter

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven