Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Volda

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

4

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Ta av til Bjørnesetsætra
Parkering i enden av bomvegen
Ta av på sti der vegen flatar ut
Utsikt mot Straumshamn
Keipen midt i mot, også eit flott turmål
Utsikt ut Voldsfjorden

Bjørnesethornet

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

Fin tur med flott utsikt på toppen. Du ser langt vestover, heilt ut til øyane yst ute. Ta gjerne turen nedom Brundalen og Brundalsvatnet på heimveg. Turen kan passe fint som familietur.

Kvar i terrenget går turen?

Start i enden av bomvegen, ca 350 moh.. Følg vegen til han flatar ut, ca 450 moh. Her finn du skilt og sti til Bjørnesethornet. (N62° 03.507' E6° 06.491') Stien går gjennom bjørk- og furuskog, og her er også masse blåbærlyng. Tydeleg sti det meste av vegen, men nokre plassar over myrområdet kan stien vere svakara. Sjå etter merke (raude/gule) så finn du vegen. På vel 500 moh. (N62° 03.619' E6° 06.430') svingar stien til høgre. Det går også ein sti rett fram, så det kan vere lett å ta feil her, men følg heile tida merkinga, så veit du at du er på rett veg. Når du kjem ut av skogen på ca 650 moh. kan du følge sti over myra og gjennom bjørkeskog, eller følge sti opp til venstre. Stiane møtast etter eit lite stykke og du går i ope lende til topps. Stien er god å sjå, og du ser toppvarden. Ta deg tid til å nyte utsikta på toppen!

Lenke til turbeskrivelse

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Volda - Folkestad: Ta ferge til Folkestad. Følg E39/651 til Straumshamn og ta av til Fyrde (Bjørnesetvegen) like etter brua i 50-sona. Kjør vidare til du kjem til Bjørneset. Like før du kjem til 50-sona og Bjørneset-skiltet tek du av til Bjørnesetsætra. Ta av til høgre på grusvegen og du kjem straks til bom"stasjonen". Prisen er kr.30 for personbil (2018, kontant betaling). Følg god bomveg vidare i ca 2,5 km. Det er bra med parkeringsplass i enden av bomvegen

Kvar kan du parkere?

Parker i enden av bomvegen

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 4
Natur 3,5
Myr 0,5
Lengde tur/retur (km) 4
Stigning meter grader
Total stigning 400 Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Spesielle forhold

Brundalen er ein triveleg dal med to sætrar; Brundalstølen og Bjørnesetsætra. Ein varm sommardag er det deilig å ta ein dukkert i Brundalsvatnet.
På kartet står det Bjørnasethornet, men det korrekte namnet er Bjørnesethornet)

Kart

Sunnmørsalpane