Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Molde

Type tur

Fottur
Sykkeltur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

10

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Bjørnlihaugen

Fotograf: Carina Stokke

Kvifor gå denne turen?

Fin tur på fint underlag, som gjev god utsikt i høve til talet på høgdemeter!
På turen kan ein raste ved Vikvatnet, som har bålplass, bord og benkar og ei flytebrygge. På sommaren er det fine vannliljer å sjå i vatnet.

Kvar i terrenget går turen?

Turen går langs grusveg frå start til slutt. Hald rett fram forbi Vikvatnet, opp ein slak motbakke, og du passerer Bergviksetra på venstre hand. Like etter hallar vegen nedover igjen og du ser stikk-ut! skiltet. Ta av til høgre ved skiltet, passer bom og hald fram på vegen heilt til toppen. Retur same veg. Det er også mogleg å sykle heile eller delar av turen, eller betale bompassering og køyre innover til området Bergviksetra-Skålsetra.

Mange alternative tur-ruter i området.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Kjør RV 64 til Romsdals videregående skole avdeling Nesjestranda.Ta av ved Stikk ut! skilt og følg grusvei oppover. Parker på turparkeringa ved bompengebetalinga til Skålseterveien.

Kvar kan du parkere?

Parker på turparkeringa ved bompengebetalinga til Skålseterveien.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 10

Offentlig transport

Ein kan ta buss til Nesjestranda og gå frå hovudvegen og opp.
Sjekk http://www.177mr.no for rutetider.

Kart

Turkart for Molde