Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Bjørnøya kystfort

Om turen

Gradering

Kommune

Haram

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

2

Lengde en vei (km)

1

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Bjørnøya kystfort

Fotograf: Vidar Tolås

Kvifor gå denne turen?

Denne turen er lett å gå for alle, og ein kjem fram til eit rikt kulturminneområde. Under andre verdskrig var området brukt som kystfort, og ein finn difor bunkarar og skyttargangar i området. Fjøreområdet rundt kystfortet er også svært flott, og ein har utsikt til øyane. Denne turen er spesielt fin for barna, og det er kjekt å sette seg ned med nistemat. Det er sett fram benkebord enkelte stadar.

Kvar i terrenget går turen?

Turen går langs traktorveg fram til området med bunkarane. Når ein er komen ut til kystbatteriet er det mange stiar å følge for vidare utforsking av området. Pass godt på barna, det er ikkje alle bunkrane og skyttargangane som er sikra! Det er også bandtvang grunna beitedyr. Det går fint an å trille denne turen, men dei siste 100 metrane går langs sti som kan vere vanskeleg med vogn.

Lenke til turbeskrivelse

Kulturminne

Kystbatteri frå andre verdskrig, med bunkrar og skyttergangar.
Gravhaugar på innsida av neset.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Ein parkerer ved ei garasje, og går frå denne bort til traktorvegen. Om ein skal kome til området via offentleg transport må ein gå frå hovudvegen (Fv 146) og over Bjørnøybrua.

Kvar endar turen?

Turmålet er ei kanonstilling, som gir ei svært flott utsikt ut til øyane.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Traktorveg 0,9
God sti 0,1
Lengde tur/retur (km) 2
Lengde en vei (km) 1

Offentlig transport

Det går an å ta hurtigbåt frå Ålesund til Hamnsund, men ver obs på at det sjeldan går korresponderande buss vidare!

http://www.frammr.no/Portals/0/Dokumenter/B%C3%A5t/SAERTRYKK%20HAREID%20NORDOEYANE%20hurtigbaat%20og%20buss_01.2017_siste.pdf

http://www.frammr.no/Portals/0/Dokumenter/Buss/Sunnmoere%20og%20FRAM%20Ekspress%20100-101_buss_2017.01_siste.pdf Sjå rute 231.

Mobildekning

Bra