Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Blåfelden - Fuglehovudet - Øverberg - rute 54

Om turen

Gradering

Kommune

Vanylven

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

19,8

Lengde en vei (km)

9,9

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Etter berre 10-15 minutt gange frå Øverberg byrjar ein å få god utsikt.
Frå Støylsmannsvatnet og vidare i retning Fuglehovudet er det lett og greitt terreng. Fjella er langt meir alpine på den andre sida. Den høgste toppen midt i biletet er Fuglehovudet. Bak til venstre ser ein platået på toppen av Blåfelden.
Kartusnitt som viser kvar ruta går.
Utsikt frå Fuglehovudet mot Syvde ei natt i juni.

Blåfelden - Fuglehovudet - Øverberg - rute 54

Kvifor gå denne turen?

Stor variasjon i godt merka rute

Viss du ønskjer å gå i ei godt merka rute med store variasjonar i terreng, naturtype og med stadig skiftande utsikt over stor delar av Vanylven er dette eit godt val. Ruta går mellom Syvde og Øverberg. Ein kan gå heile ruta frå nord til sør eller omvendt, eller ein kan gå delar av ruta og returnere til startpunktet. Sjå eiga beskriving av den delen av ruta som går frå Syvde til Blåfelden. Denne ruta heiter Blåfelden rett opp. Frå Øverberg til toppen av Fuglehovudet er det ingen bratte eller vanskelege parti.

Kvar i terrenget går turen?

Viss du vil teste kreftene dine i motbakkeruta Blåfelden Rett Opp kan du starte i Syvde. Første del av ruta går på ein markert morenerygg med open bjørkeskog som går over i eit meir ope område. Etter 2 km med jamn og bratt stigning er det 1,5 km lettare terreng over egga og høgste punkt på 842 moh på Svartetua med utsikt mot Eidså og ut fjorden, før området flatar ut i eit platå på 800 meter over havet på kanten av Blåfelden med panoramautsikt over Syvde. Derifrå kan ein returnere same veg, eller gå via Fuglehovudet til Øverberg i lett terreng.
 
Viss du vil ha ein lettare og slakare tur kan du starte på Øverberg og gå mot nord. Her er det stor variasjon i ope landskap over tregrensa. Små og store vatn, eit område med raud olivinsand, ei flott flyttblokk som er kjekk å klatre på, og stendig skiftande utsikt. Dess høgre du kjem dess flottare blir utsikta. Frå Fuglehovudet er det fantastisk utsikt i alle himmelretningar. Frå Fuglehovudet kan du gå vidare til Blåfelden og Syvde, eller returnere tilbake til Øverberg. Nedstiginga frå Fuglehovudet mot Blåfelden kan sjå litt bratt og vanskeleg ut på avstand, men er lett og ufarleg viss du fylgjer den merka løypa.

I tillegg er det omtale av turen og bilete frå turen i boka Fotturar på Sunnmøre side 118 – 121. Sjå http://www.iriss.no

Kulturminne

Ca 200 meter nedover langs elva frå Støylsmannsvatnet går den merka stien rett ved sida av restane av det som truleg er ei gjetarbu. I lokaldialekten har dette ofte vorte kalla for eit Vakstrehus (vakthus – vakte på husdyra). Mellom Fuglehovudet og Blåfelden ser ein tydelege restar etter ein Varegard som skulle hindre at husdyra gjekk utfor stupa mot Sørdalen og Syvde. Delar av denne var bygd av stein, og andre delar av torv. Sjå bilete av denne Varegarden på ruta Blåfelden rett opp

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Start frå Syvde – Ta av frå Sentrum i Syvde i retning Eidså. Når det er slutt på gangveg og sykkelveg på sida av riksvegen tek du av til vestre opp ein bratt bakke og køyrer knapt 100 meter vidare på toppen av bakken før du ser skilt mot m.a. Blåfelden.

Start Syvde:
Desimalgrader: 5.72143 Ø 62.08719 N
UTM 32: 32 V 328821 6888223

Start frå Øverberg – Du kan køyre til Øverberg enten frå Syvde eller frå Sylte. Frå Syvde tek du av ved kryss med skilt mot Sørdal og køyrer på asfalt forbi Sørdalsvatnet og til enden av dalen. Der er det grusveg opp til Øverberg. Køyr til du ser skiltet med rute 54. Dette skilet kjem rett før du kjem til eit vatn på venstre side av vegen. Frå Sylte tek du av mot Syltedalen og køyrer dalen nesten til endes. Ta av til fjellvegen som er på venstre side av vegen om lag midt på vatnet i Syltedalen. Etter at du har kome opp på fjellet og passert eit vatn kjem du til skiltet med rute 54

Start frå Øverberg:

Desimalgrader: 5.68154 Ø 62.03711 N
UTM: 32 V 326454 6882755

Kvar kan du parkere?

Vanlegvis er det greitt å parkere på begge startpunkta på ruta. Det er ikkje parkeringsavgift

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 12
Dårlig sti 4
Natur 2
Myr 1
Lengde tur/retur (km) 19,8
Lengde en vei (km) 9,9
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 150 30
Bratteste helning ned 300 10
Total stigning 980 Høydemeter

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven