Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Blåfelden rett opp - rute 54

Om turen

Gradering

Kommune

Vanylven

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

7 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Allereie tidleg på turen er det god utsikt.
Etter kvart går turen på rygg og egg, men utan klyving.
På det høgste punktet på ruta kan ein velge om ein vil fortsetje rett fram mot Blåfelden eller gå innom Svartetua. Her er det og god utsikt sørover, og i klarver ser ein tydeleg fjell og brear i ytre Nordfjord.
Nokre å minutt før ein kjem til Blåfelden passerer ein Varegarden som skule verne husdyra mot å gå utfor stup.
Flott utsikt frå toppen av Blåfelden.
Raud strek viser kvar ruta går.

Blåfelden rett opp - rute 54

Kvifor gå denne turen?

Motbakkeløpet Blåfelden rett opp blir arrangert kvart år første laurdagen i juni, med yrande folkeliv under Kosterikedagane i Syvde. Men viss ein ikkje er avhengig av mykje folk rundt seg er turen like fin elles i året. Konkurranseløypa startar ved vidaregåande skule i Syvde sentrum og går først på asfalt vel 1 km før den går over i terrenget. Når ein tek løypa som vanleg tur er det vanleg å starte der den går over i terrenget. Første del er ein markert morenerygg med open bjørkeskog. Deretter er det 2 km med jamn og bratt stigning. Etter dette seige partiet er det 1,5 km med lettare terreng over egga og høgste punkt på 842 m før området flatar ut i eit platå på 810 moh på kanten av Blåfelden med panoramautsikt over Syvde. 

Kvar i terrenget går turen?

Ca 100 meter frå brua på riksvegen i lengst vest i Syvde, i retning mot Eidså, køyrer ein opp ein bratt asfaltert bakke. Etter å ha kome opp bakken køyrer ein i omlag 50 meter parallelt med fjorden før ein kjem til starten av ruta. Starten er godt skilta, og ruta er godt merka frå start til slutt. Frå fjorden følgjer ein moreneryggen gjennom open bjørkeskog og etterkvart i ope landskap. Denne bakken er lang og seig. Seinare blir det lettare og luftigare over ryggen mot Svartetua. GPS-fila har eit ruteval der ein går innom toppen av Svartetua, medan konkurranseløparane vel ein raskare variant mot Blåfelden. Frå Blåfelden er det flott utsikt over Syvde og området rundt. Syvde IL har turkasse på toppen av Blåfelden. Kassen er plassert nær kanten av fjellet på venstre side av den djupe kløfta.

Kulturminne

Eit par hundre meter før ein kjem fram til sjølve Blåfelden passerer ein tydelege restar etter ein mur som gjekk frå kanten av skåla (botn etter botnbre) og sørover nokre hundre meter mot nabofjellet Fuglehovudet. Dette er det ein har kalla ein Varegard (Vernegard/vernemur), og desse vart bygde for å hindre at husdyr på beite skullle gå utfor stup. Varegarden på Blåfelden er bygd av stein, men lenger sør i området har det vore brukt torv for å bygge den.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Meir info om Blåfelden rett opp finn ein på http://syvdeil.no/ Du finn og bilete og tekst om turen på side 118 og 119 i turboka Fotturar på Sunnmøre. Den kan kjøpast i bokhandel eller direkte frå forlaget på http://www.iriss.no

Kvar kan du parkere?

Vanlegvis går det greitt å parkere i området der løypa startar i terrenget

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0 km
God sti 6 km
Dårlig sti 1 km
Lengde tur/retur (km) 7 km
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 150 30
Bratteste helning ned 150 30
Total stigning 865 Høydemeter

Mobildekning

God mobildekning på heile turen

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven