Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Ørskog

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

7

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Frå varden på toppen
Frå toppen med utsikt mot Skorkjene.
Utsikt mot Lauparlægda.
Utsikt mot Storfjorden.

Blåfjellet

Fotograf: Hilde Sørdal

Kvifor gå denne turen?

Ein middels lang tur, 3,5 km en veg for det meste på god rås, høgdeskilnad 400 til 741 moh. Du går over myrar og mellom område med fjellbjørkeskog, før du til slutt når toppen som har flott utsikt over heile Vaksvikfjellet. Snøfritt frå byrjinga av juni.

Blåfjellet er ein avrunda “topp” med gras og berg og er eit fint turmål både sommar og vinter. Frå toppen ser du vestover Vaksvika og over Storfjorden mot Storfjellet. I sør er det Skorkjene og Litlebotnen som dominerer, mot aust ser du Sunnmørslauparlægda med Lauparen bak. Og mot nord ser du Høgsvora som ragar over Åsrørne og Dyrshamrane.

Kvar i terrenget går turen?

Turen følgjer i starten same råsa som turane mot Grytavatnet og Lauparen. Du skal krysse den første elva du møter og følgje råsa vidare på sørsida av elva. Når du etterkvart kjem opp nokre bakkar, flatar det ut og du får auge på ei lita furu ved elva. Her er det skilta til Blåfjellet. Ta av til venstre over elva og hald fram mot nordaust langs eit lite elvefar i retning Kvitnyken. Etterkvart finn du ei rås og den bør du følgje til du ser Heivatna i nord og toppen på Blåfjellet i nordvest. Det er lurt å gå så langt i denne retninga at du ser at det er opne områder i fjellbjørkeskogen i den retninga du skal opp. Gjer du det, vil du finne grei rås heilt til toppen av Blåfjellet.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Ta av frå riksveg 650 mellom Sjøholt og Stordal, i Vaksvika. Køyr austover på fylkesvegen mot Tresfjord. Du køyrer forbi gardane i Vaksvika og Vaksvikfjellet Camping. Etter ca. 5,5 km. kjem du til eit vegkryss, der bomvegen til Grytalisætra tek av mot søraust.

Kvar kan du parkere?

Parkering på Grytalisætra.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 3
Dårlig sti 4
Lengde tur/retur (km) 7
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 400 11
Total stigning 350 Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Mobildekning

Delvis

Kart

Ørskogfjellet