Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Blåtind og Kongsvollen frå Haddal

Om turen

Gradering

Kommune

Hareid
Ulstein

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Total lengde rundtur (km)

9,2

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Ved Hundelaupsvatnet
Kongsvollen og utsikt i retning Bukketrappene
Godt skilta
Utsikt frå Blåtinden og ut Vartdalsfjorden

Blåtind og Kongsvollen frå Haddal

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

På denne ruta er du innom høgste fjellet i Ulstein kommune (Blåtind - 697 moh) og høgste fjellet i Hareid kommune (Kongsvollen -.683 moh). Det er flott utsikt i mange retningar, både mot Sunnmørsalpane og ut mot havet og øyane.

Kvar i terrenget går turen?

Start like ovanfor bebyggelsen i Haddal. Det er tydeleg sti heile vegen, først over litt våt myr i retning ei kraftline. Like etter du har passert under kraftlina, svingar stien mot venstre og går i skrått lende opp til Hundelaupsvatnet. Her kan du velge om du vil gå til Kongsvollen eller til Blåtind. Tek du til høgre, fører stien deg til Blåtind. Tek du til venstre, kjem du til Kongsvollen. Det er skilta ved vatnet. Følg stien til topps til Blåtind, Før du kjem opp til toppen ser du skilt som peikar til Kongsvollen. Dette skal du følge når du kjem ned att frå Blåtinden og skal gå vidare til Kongsvollen. Det er tydeleg sti heile vegen til Kongsvollen. Du passerer Hundelaupsvatnet på søraust-sida. På Kongsvollen ser du ned på Bukketrappene. Du kan gå ned her og til Løsetvatnet om du ønsker ein lenger tur. (sjå https://mrfylke.no/Morotur/Turar/Kongsvollen-683).
Returen i denne turomtalen går på NV-sida av Hundelaupsvatnet. Her er stort sett tydeleg sti heile vegen ned til du møter stien du kom opp på. Følg stien ned att til start.

Lenke til turbeskrivelse

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

På RV653 mellom Ulsteinvik og Eiksund er det skilta mot Haddal. Frå Haddal følger du skilt til Ringstaddalen ved skulen/grendahuset. Køyr eit lite stykke til du ser eit nedfalle skur ved ei utkøyrsle (på høgre side). Stien startar ved eit gjerde og er markert med ein påle

Kvar kan du parkere?

Det er plass til nokre bilar der turen startar

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 9,2
Total lengde rundtur (km) 9,2
Stigning meter grader
Total stigning 882 Høydemeter

Offentlig transport

Buss mellom Ulstein/Herøy og Volda/Ørsta. Gå av ved Haddal
http://www.frammr.no