Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Blæjevatnet rute 53

Om turen

Gradering

Kommune

Vanylven

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

4,8

Lengde en vei (km)

2,4

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Tåbrothytta er ei gammal gjetarbu frå 1903
Blæjevassbu er alltid åpen for fjellvandrarar.
Ein rypejeger på veg heim etter ein fin jaktdag.
Blæjevassbu ligg ved Blæjevatnet omkransa av dei høgaste fjella i Syvde.

Blæjevatnet rute 53

Kvifor gå denne turen?

Frå Røfsdalsætra er det ein relativt kort tur til Blæjevatnet, turen er godt egna som ein ettermiddags- kvelds tur. Blæjevatnet er omkransa av dei høgaste fjella i Vanylven. Ved Blæjevatnet ligg Blæjevassbu, ei hytte som er open for alle. Den vart bygd i 1970, er påbygd seinare og er no eigd av Myklebust sameige. http://www.syvdeil.no/index.php?option=com_content&view=article&id=105&Itemid=120 Mange som besøker Blæjevatnet ynskjer å prøve fiskelukka. Du kan overnatte i hytta og låne båt etter avtale med Myklebust sameige. Det er fin størrelse på fisken. Blæjevassbu er utgangspunkt for fleire fine turar av ulik vanskegrad.

Kvar i terrenget går turen?

Startpunkt er frå parkeringsplassen på Røfsdalsætra, følg vegvisar til Blæjevatnet. Råsa startar ovanfor hyttene og er lett å sjå, merka med blåmalte steinar og stikker. Kryssing av ei lita elv som kan vere stor etter kraftig regn. Råsa får god stigning etterkvart og du kjem raskt opp i høgde. Ved Tåbrothytta er det passeleg å puste ut, den brattaste kneika er over. Herifrå går råsa over nokre knausar og terrenget flatar etterkvart ut innover lyngheiane mot Blæjevassbu.

Kulturminne

På Tåbrotet står ei gamal hytte som vart bygde i 1903. Ho vart nytta som vakstrehus, staden der gjetarane budde når dei vakta buskapen mot rovdyr. Det var mykje bjørn i området på den tida. Mjølarane gikk kvar dag til Tåbrotet og mjølka kyrne, mjølka bar dei heim i hylkje på ryggen. Sjå : http://www.syvdeil.no/index.php?option=com_content&view=article&id=104&Itemid=119
Går du råsa frå Blæjevassbu og følg råsa til venstre, kryssar elva som renn frå Blæjevatnet finn du Olavskjelda. Det er ein del mytar om denne vasskjelda som er kopla opp til sjølvaste Heilag Olav. Nokre meinar at vatnet har lækjande virkning, og på folkemunne heiter det seg at om ein går opp og drikk av vatnet, vil ein leve eitt år lenger. Vatnet smakar godt og held same temperatur heile året. Kjelda er difor alltid fri for snø og is

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Syvde sentrum køyrer du imot Sørdal. Ved Smedbøen svingar fylkesvegen mot høgre men du fortsett på grusvegen rett fram, mellom nokre bolighus. Når du har køyrt forbi husa er det reist ein stor stein på høgre side med ei kasse for vegavgift. Bompengar til Myklebust sameige. Røfsdalen er eit fint utgangspunkt for korte og lengre fjellturar, og det er tilrettelagt for parkering på Røfsdalsætra.

Kvar kan du parkere?

Parkeringsplass på Røfsdalsætra

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 4,2
Dårlig sti 0,6
Lengde tur/retur (km) 4,8
Lengde en vei (km) 2,4
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 300 30
Bratteste helning ned 300 30
Total stigning 440 Høydemeter

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven