Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Surnadal

Type tur

Fottur

Gradering

XXX Rød

Lengde tur/retur (km)

7

Lengde en vei (km)

3,5

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Her stig ein seg raskt oppover lia.
Utsyn utover.
Bøfjorden sett frå Bøvardane.
Ikkje heilt på toppen enda, men utsikten er likevel formidabel.

Bølia

Fotograf: Norunn Holten (1-3), Arnt Kjetil Bøe (4).

Kvifor gå denne turen?

Toppen av Bølia ligg 703 moh. og byr på ein storslått utsikt i alle himmelretningar. Du ser mot Nesøya og Meisingset med Sunndalsfjella i det fjerne. Lenger ut har du Torjulvågen og Straumsneset. Snur du deg rundt, har du utsikt mot Halsa og Hjelmen, og innover landet ser du Surnadalsfjorden, Trollheimen og Todalsfjella. Turen opp lia er bratt, men du kjem ganske snart til fine utsiktspunkt, noko som gir ein følelse av at du stig deg oppover ganske raskt. Turen går også etter skogsveg og for det meste ganske tørr, fin sti. Dette er ein tur som byr på flotte turopplevingar om du går same veg tur-retur, men det er ingen dum idé å gå om Bøvardane den eine vegen. Herifrå er det flott utsikt ned i Bøfjorden og lengda på turen blir omtrent den same. Det siste stykket bli da ein rundtur.

Kvar i terrenget går turen?

Du startar frå parkeringsplassen på høgre side av vegen ved Orahaugen. Her finn du også informasjonstavler for turar i området. Gå oppover skogsvegen som startar på øversida av vegen. Denne følgjer du til den begynner å flate ut oppi lia. Der tek du inn på ein sti på øversida av vegen. Herifrå følgjer du stien oppover mot toppen av Bølia.

Kulturminne

Stien passerer stølen der Øvre Bøsetra låg før. Du kan sjå novsteinar etter seterhusa på bergeklakken vest for stølen. Seterdrifta her vart truleg lagt ned først på 1800-talet.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Settemsdalen køyrer du ned mot Bøfjorden. I krysset på Settem svingar du mot venstre og køyrer vidare over Bøbrua til Bølandet. Når vegen kjem ned til sjøen og du har passert Samvirkelaget på høgre side, svingar du til venstre inn på Bøkleppvegen og fortsett utover til du kjem til Orahaugen. Her er det ein stor parkeringsplass på høgre side der du kan parkere.

Kvar endar turen?

Varden på toppen av Bølia.

Kvar kan du parkere?

Gratis parkering

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 3,5
God sti 3,5
Lengde tur/retur (km) 7
Lengde en vei (km) 3,5
Stigning meter grader
Total stigning 600 m Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Mobildekning

Ja

Kart

Fjordruta, Friluftskart for Surnadal