Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Ørskog

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

5,6

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Bolleberget

Fotograf: Hilde Sørdal

Kvifor gå denne turen?

Ein fin tur i ope terreng med god utsikt både mot Vaksvikfjellet med Skorkjene og innover mot fjella i Stordalen og Sunnmørsalpane.

Kvar i terrenget går turen?

Gå grusvegen opp til Visetsetra. Følg skilta og merka rås forbi selet rett framfor deg og vidare opp ein gamal skogsveg som går over i sti gjennom bjørk- og spredt furuskog. Etterkvart kjem vi opp til ei myr. Hald til venstre på stien her langs kanten av myra før du går tvers over myra etter merkepinnar og klopper. Her går dårleg, men merka sti opp mot høgre langs ryggen av fjellet. Følg merka opp gjennom skogen. Det er hjortespor på kryss og tvers så pass på merkinga. Fin bjørkaskog mot slutten opp til eit flatare område. Her er det flott utsikt og godt med litt kvile etter motbakkane. No ligg fjellet bratt framfor deg. Råsa går til høgre og det er litt sidebratt eit kort stykke fram mot skaret og mastene. Pass opp her viss snøen ligg enda. Når du når ryggen, dreier råsa skarpt til venstre og du følgjer denne opp til toppområdet. Herifrå flatar det ut og du ser snart den fine toppvarden på Bolleberget.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Ta av til venstre frå R 650 rett etter den krappe svingen over elva i Vaksvika. Følg vegen innover til du passerer eit stort fjøs på venstre hand. Her møter du bomveg med avgift. Køyr vidare til Visetsetra. Her er det nokre parkeringsplassar der vegen tek av opp mot setra. Parker her og gå opp.

Kvar kan du parkere?

Visetsetra

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Traktorveg 0,6
God sti 1,8
Dårlig sti 2,6
Myr 0,6
Lengde tur/retur (km) 5,6
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 430 15
Total stigning 370 Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Mobildekning

Ja

Spesielle forhold

Ver obs på snøforholda tidleg om våren i det sidebratte området før ryggen opp mot toppartiet.

Kart

Ørskogfjellet