Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Borgundkollen - overgangstur

Om turen

Gradering

Kommune

Sykkylven

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

14,2

Lengde en vei (km)

7,1

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Frå starten. Du finn ein svak sti like til høgre for masta.Denne leder inn på god hovudsti
Gimsdalen
Vikedalen. Slutt-/startpunkt, alt etter kva veg du vil gå
På toppen (Borgundkollen)

Borgundkollen - overgangstur

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

Dette er ein fin overgangstur frå Heiane via Borgundkollen til Gimsdalen og Vikedalen. Turen er variert og gir flott utsyn både mot Sunnmørsalpane og Sunnmørsøyane.

Kvar i terrenget går turen?

I samband med utbygging av ny kraftline, har det komt veg til Heiane. Parker der vegen er på det høgste og gå litt tilbake. Kryss ei myr og sikt deg inn på ei mast rett over myra. Her finn du stien som du skal følge oppover ryggen. Stien har litt stigning før han flatar ut oppå ryggen. Når du er ferdig med ryggen, startar den brattaste delen av turen. Der stien deler seg (N62° 22.230' E6° 38.589'), skal du halde til høgre. Når du nærmar deg toppen, flatar det litt ut igjen. Ta deg tid til å nyte utsikta frå toppen før du fortset vidare nedover mot Gimsdalen. Følg tydeleg sti. Etterkvart ser du Gimsdalssætra langt der nede. På sætra er der ein gapahuk som er verdt å besøke. Frå sætra kan du enten gå skogsveg ned att, eller følge sti eit stykke gjennom skogen før du kjem ned på vegen (N62° 21.748' E6° 38.143'). På denne ruta har vi gått stien. Han startar like nedanfor gapahuken (N62° 21.487' E6° 38.773'). Litt utydeleg i starten, men gjennom skogen er han tydeleg, så det er ikkje noko problem å finne vegen. Når du kjem ned på vegen, fyl du denne heilt til endes til du kjem ned til Vikedalen.
Dersom du vil gå tilbake til Heiane og hente bil, kan du gjere dette ved å gå opp "Monsterbakken" (start: N62° 22.250' E6° 37.125'). Dette er ein bratt anleggsveg som går opp til det nye kraftanlegget. Denne vegen ser du eit stykke før du kjem ned til Vikedalen. Det er kun ein slik bratt bakke, så det er ikkje mulig å ta feil.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Like vest for Sykkylven kyrkje, tek du av mot Ramstaddalen. Køyr Dalevegen/FV73 til du kjem til Haugsetvegen. Herifrå følger du skilting Statnett; først Haugsetvegen, så Aurdalsvegen og så Sunndalsvegen mot den nye kraftstasjonen (asfaltveg). Følg vegen til høgste punktet og set frå deg bilen på parkeringsplassen her.

Kvar endar turen?

Vikedalen, i den skarpe svingen.

Kvar kan du parkere?

Parkeringsplass der turen startar. Om her ikkje er ledig plass, er det ein stor parkeringsplass like før kraftsstasjonen

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 4
God sti 9,8
Myr 0,4
Lengde tur/retur (km) 14,2
Lengde en vei (km) 7,1
Stigning meter grader
Total stigning 424 Høydemeter

Offentlig transport

Dersom du startar i Vikedalen, treng du ikkje bil. Du kan gå ned att "Monsterbakken" ved den nye kraftstasjonen og kome tilbake til startpunktet.

Spesielle forhold

Denne ruta har start på Heiane, omlag 375 m.o.h.. Turen endar i Vikedalen, omlag 115 m.o.h. Så om du går motsatt veg av det som er omtala i denne ruta, har turen 260 høgdemeter meir.

Kart

Turglede Sykkylven