Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Volda

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

5,3

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Tid for drikkepause omlag halvvegs
Flott utsikt!

Botnasætra

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

Turen ligg sentrumsnært, er lett tilgjengeleg og egnar seg både som familie- og trimtur. Det er flott utsikt over Volda

Kvar i terrenget går turen?

Start ved parkeringsplassen ved golfbana. Ta av på vegen som går opp mellom golfbanene like etter treet med ei hytte oppi. Like etter grinda, tek du vegen til høgre. Her står det eit skilt merka Huldresvingane/Himmelvegen. Vegen slynger seg nokså bratt opp til Botnasetra. Halvvegs er det fint å stoppe og ta ei drikkepause ved “Huldrekjelda” som kjem ut av ein stein. Det kan vere lurt å lade batteria her, for no ventar nokre bratte bakkar før det flatar ut mot slutten.
Det tek omlag ein time frå Vassbotnen og opp til setra, men sidan vegen er bratt, kan det vere store variasjonar med omsyn til kor lang tid ein treng. Botnasetra har ein fin setrevoll og det er fin utsikt mot Volda. Når du skal ned att, kan du følge sti som går ned til eit vatn som er demt opp. Stien deler seg i starten; ta den som går til venstre. Du kjem ned att på vegen og følger denne ned att der du kom opp.
Vil du gå ein litt lenger tur, kan du gå til Skarphornet (695 moh) som ligg på enden av ryggen som går sørover for Botnasetra. Det er ikkje tydeleg sti opp til ryggen, men likevel greit å gå. På ryggen er det sti og lett å gå.

Lenke til turbeskrivelse

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Turen startar i Vassbotnen, i austenden av Rotevatnet. Frå Volda sentrum følger du RV651/E39 mot Fyrde. I rundkjøringa ved høgskulen/Kiwi følger du skilting mot Vikebygda. Ta etterkvart av mot Vassbotnen og Golfbane.

Kvar kan du parkere?

Det er oftast god plass på parkeringsplassen ved golfbana. Det er også plass til 8-10 bilar oppe ved grinda der skogsvegen startar.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Traktorveg 5
God sti 0,3
Lengde tur/retur (km) 5,3
Stigning meter grader
Total stigning 395 Høydemeter

Offentlig transport

Det er ikkje offentleg transport, men det er lett å sykle langs sørsida av Rotevatnet for å kome til start

Spesielle forhold

Ta gjerne avstikkaren til Kråkenakken. Ruta er godt merka

Kart

Sunnmørsalpane. Nærturkart for Volda (2013)