Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Botnasætra-Skarphornet-Høgedalen

Om turen

Gradering

Kommune

Volda

Type tur

Fottur

Gradering

XXX Rød

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde en vei (km)

6

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Utsikt mot Botnasætra og Ørstafjell
Stien ned til Høgedalen startar her
Nedover mot Vardevatnet
Pause på Skarphornet

Botnasætra-Skarphornet-Høgedalen

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

Turen startar på Botnasætra (sjå morotur Botnasætra). Det er ein flott rundtur å gå vidare frå Botnasætra, opp til Skarphornet (695 moh) og ned att til Høgedalen og Rotevatnet. Det er flott utsikt på ryggen som går frå Botnasætra til Skarphornet. Ned att til Høgedalen går ein delvis i fin fururskog. Dette er eit fredeleg område der det ikkje går veldig mykje folk.

Kvar i terrenget går turen?

Frå Botnasætra går du ryggen/heida sørover, d.v.s. gå opp til høgre når du står med ryggen mot Volda sentrum. Det kan vere lurt å følge sti eit lite stykke bakover frå sætra før du begynner å gå oppover. I hellinga du må gå for å kome opp til ryggen er det ingen tydeleg sti og det er litt myrlendt, så det kan vere litt tungt oppover her, men gir ein seg tid går det fint. Oppe på ryggen finn du sti og det er lett å gå vidare. Skarphornet er den siste toppen du kjem til. Anbefaler å ta ei pause her og nyte utsikta. Herifrå går du i terrenget vestover i retning Volda sentrum mot eit lite vatn, Vardevatnet, der det er ei lita hytte. Bak hytta følger du sti og skråar litt til høgre. Du vil då finne ein tydeleg sti, i alle fall det meste av turen. Der stien går ned til Høgedalen, ligg det ei gamal furu. Herifrå og ned att til Høgedalen er stien tydeleg. Du kjem etterkvart ned på ein skogsveg. Følg denne ned til Rotevatnet.

Ruta vart merka og rydda våren 2019

Lenke til turbeskrivelse

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Sjå morotur Botnasætra: http://mrfylke.no/Morotur/Turar/Botnasetra

Kvar endar turen?

Du kjem ned att til austenden av Rotevatnet.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 4
Dårlig sti 0,5
Natur 1
Myr 0,5
Lengde en vei (km) 6
Stigning meter grader
Total stigning 275 Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Spesielle forhold

Turen frå Rotevatnet og opp til Botnasætra er på omlag 2,5 km og med stigning på 395 m.
Total lengde på tur frå Rotevatnet via Botnasætra, Skarphornet og ned att via Høgedalen er altså omlag 8,5 km og med total stigning på omlag 670 m

Du kan også starte frå Krøvelsætra (bomveg), gå over til Rotevassætra og vidare vestover i terrenget. Kryss Vadsteinelva over ei bru og følge merking vidare vestover til starten av ruta

Kart

Nærturkart Volda