Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Bratteberg til Turnhytta via Kortemyra

Om turen

Gradering

Kommune

Volda

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

5,1

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Heltnelihuken med flott utsikt!
"Skilt" til Dunderhoff
Utsikt på veg til Turnhytta
Turen startar her

Bratteberg til Turnhytta via Kortemyra

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

Ovanfor bebyggelsen i Volda sentrum er det eit nettverk av stiar som gir høve til ei mengde varierte turar. Ein av dei er denne turen like ovanfor bebyggelsen i Bratteberg. Fint turterreng delvis på veg og delvis på sti. Turen går via det nye grindbygget til Volda rotaryklubb, Heltnelihuken, ny i 2014. Eit flott bygg og her er flott utsikt. Vidare går ruta innom Kortemyra og Dunderhoff før du går over til Turnhytta. Er du heldig er det ope her og truleg kan du då få deg ein kaffitår eller eit glas saft. Sjå om flagget er heist!

Kvar i terrenget går turen?

Start ved høgdebassenget til Volda kommune. Passer ein bom og følg vegen austover. Etter omlag 500 m tek du av på skogsveg opp til venstre. Du ser snart Heltnelihuken. Her er det verdt å ta ein stopp og nyte utsikta. Gå skogsvegen vidare til endes. Her går stien inn i skogen, følg denne til Kortemyra. Gå så vidare på sti merka mot Dunderhoff. Stien deler seg når du har gått eit lite stykke. Følg den som går svakt til venstre. Du går i lett terreng og kjem opp på ein rygg rett sør for Turnhytta. På denne ryggen finn du Dunderhoff. Kryss så over litt myrlendt terreng til Turnhytta. Her er ikkje sti, men du ser hytta så det er ikkje noko problem å finne fram. Av og til er det ope på Turnhytta; sjå om flagget er heist. Då er du velkomen inn. Returen tek du via vegen som går vestover frå Turnhytta. Følg vegen ned til første svingen. Her kryssar du elva og går inn på sti mot venstre/aust ned gjennom skogen (du kan også velge hovedråsa og vil også då ende ved høgdebassenget). Stien kjem ned til Heltnelihuken og du følger skogsvegen tilbake til start.

Lenke til turbeskrivelse

Kulturminne

Kortemyra; http://www.volda.kommune.no/kultur-idrett-og-fritid/kortemyra-2013.aspx
Dunderhoff:http://www.volda.kommune.no/artikkel.aspx?MId1=18&AId=1509
Turnhytta: Volda Turn og Idrottslag si lagshytte. M.a. med ei stor samling av gamle treski

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Volda sentrum følger du E39 retning Stryn. I rundkøyringa ved høgskulen følger du FV 45 mot Vikebygda. Ta av opp Bakkelidvegen etter knapt 1 km. Etter kvart skal du ta av til venstre og følge Hjellbakkane og Bjørnevegen. Like etter at du har passert avkøyring til Nybråtet, tek du første veg til venstre. Følg grusvegen opp til høgdebassenget til Volda vassverk. Her kan du parkere. Nokre gongar er vegen stengt med bom, og du må sette frå deg bilen der grusvegen startar..

Kvar kan du parkere?

Parkering ved høgdebassenget til Volda vassverk. Dersom vegen er steng med bom, må du parkere der grusvegen startar.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 1,6
God sti 3,3
Natur 0,2
Lengde tur/retur (km) 5,1
Stigning meter grader
Total stigning 291 Høydemeter

Offentlig transport

Buss frå Volda sentrum til Bratteberg (Ringruta) . Gå av ovanfor Bratteberg skule og følg gangveg som går rett opp herifrå (Bergsvegen). Følg denne til endes. http://www.fram.no (søk: frå Volda rutebilstasjon til Nylenda)

Kart

Nærturkart for Volda (til salgs i sportsbutikkane og Notabene)