Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Ørskog

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

1,5

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Ørskog kyrkje sett frå Breinakken.
Det er god utsikt til heile sentrum frå Breinakken.
Frå Breinakken ser du dei nye husa i Skog og Lund i fugleperspektiv
Utsikt frå Breinakken mot sentrum.

Breinakken

Fotograf: Hilde Sørdal

Kvifor gå denne turen?

Breinakken ligg sentralt på Sjøholt, godt synleg frå sentrum og i gongavstand for dei fleste som bur her. Høgdedraget har ei bratt avslutning mot nord, dvs mot sentrum og dels mot vest, medan det flatar roleg ut sør og austover. Sjølv om det ligg sentralt, har det i lang tid vore lite nytta som turområde, mest fordi det er lite råser her og temmeleg gjengrodd. Siste åra har Sjøholt skule teke området meir i bruk og det gjer det lettare å nå for andre og.
Breinakken er eit område som mange vil ha kunne glede av å bli kjende med.

Kvar i terrenget går turen?

Vi tilrår at ein startar frå vest. Ved Sjøholt Camping går ein inn på postvegen og etter ca 50 m tar ein graskledd tømmerveg av til venstre. Gå inn på denne, som kan vere ganske våt i fuktig ver. Etter hundre meter ser ein til venstre ein liten leir med ein gapahuk og nokre nett som Sjøholt skule har laga til. Gå forbi gapahuken og etter knapt 50 m. tar ei rås av til venstre, mellom nokre bjørker. Det går snart bratt oppover, men råsa er grei å gå. Ein får fort fin utsikt utover Ørskogvika og dels over sentrum. Terrenget flatar fort ut, området er prega av lyng og furuskog og er lett å bevege seg i. Råsa vert meir utydeleg her, men er merka med raude band. Vil ein ha endå betre utsikt mot sentrum og kome litt høgare, kan ein halde fram mot nordaust. Ein kjem då inn i eit temmeleg tett granfelt med nokre store furustammar som er felt. Hald litt til høgre her og beveg deg etter kvart mot kanten av Breinakken mot sentrum.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå sentrum følgjer du skilting til Sjøholt Camping, forbi Ørskog kyrkje og Ørskog prestegard. Før Sjøholt skule svingar du først til høgre og så til venstre i retning Ørskoghallen og Ørskog stadion.

Kvar endar turen?

Etterkvart opnar skogen seg og ein får ei flott utsikt både mot skulen, husa i Skog og Lund og vidare mot sentrum.

Kvar kan du parkere?

Du kan parkere ved fotballbana.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,5
Traktorveg 0,3
God sti 0,4
Dårlig sti 0,3
Lengde tur/retur (km) 1,5
Stigning meter grader
Total stigning 126 Høydemeter

Mobildekning

Ja

Spesielle forhold

Ein kan halde fram i same retninga, etter kvart kjem ein ut av granfeltet og terrenget fell roleg mot aust. Dersom ein held fram til ein er på høgde med husa på Tuenegarden, kan ein gå ned til desse langs ein gamal ferdelsveg som enno er synleg, Hanskleiva. Går ein i staden til høgre, vil ein etter kvart kome fram til det nye industrifeltet i Haukåsmarka.

Kart

Ørskogfjellet