Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Brekkeheida frå Hellevegen

Om turen

Gradering

Kommune

Ørsta

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

2,6 km t/r

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Brekkesætra
Hellevegen svingar seg fint opp gjennom skogen
Der Hellevegen startar står ein minnestein over Hans I. Brekke som bygde vegen
Ørsta sett frå Brekkeheida

Brekkeheida frå Hellevegen

Kvifor gå denne turen?

Brekkeheida ligg fint til med god utsikt over Ørsta og Ørstafjorden. Brekkeheida er omkransa av høge fjell: Saudehornet og Vassdalstinden i nord, Sandhornet i nordaust og Melshornet i sør. På denne turen får du også gå Hellevegen som går opp til Brekkesætra.

Kvar i terrenget går turen?

Start ved minnesteinen over Hans I. Brekke og gå Hellevegen gjennom skogen ca 650m, då er du komen til Brekkesætra, når du har passert Brekkesætra deler råsa seg, du tek den som går til venstre over ein liten haug og fortsetter bortover myrane og bort på Brekkeheida.

Kulturminne

Hellevegen vart bygd for hand av Hans I. Brekke (1868-1943). Der Hellevegen startar står ein minnestein over Hans I. Brekke med eit dikt av systera Elise I. Brekke (1873-1949).

Og fjellet lokkar og det dreg
med løynde makt.
Du denne lengsla på din veg
er underlagt.

Eg gjekk dit opp i årsens kveld,
i vårens gry.
Men turen til det ville fjell
var like ny.

Du kjenner deg so liten der
at det er vilt.
Men fjellet stend i haustkveldsgry
so nytt og stilt.

Men ser du det i vårens glans,
i gyldte bragd.
Då stend det for ditt syn og sans
som fargelagd.

Ja det er helg og høgtid
på ville fjell,
når vidja smiler deg imot
i solskins-tjeld.
Elise I. Brekke

På Brekkesætra står der tre sel og der var seterdrift til ca 1950. Det fine steinselet som står på sætra er det eldste, alderen er uviss, men det sto på sætra allereide i 1860 åra.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Køyr E39 til Ørsta, ta av i Ørsta skilta til Sæbø og køyr fv 655 ca 4,6 km til Høgebrua, der køyrer du rett fram på fv 55 ca 800m og tek av til venstre på ein bomveg og køyrer den 2 km uten å ta av på kryssande vegar, då er du ved minnesteinen der Hellevegen startar.

Kvar kan du parkere?

Parker på vegkanten der Hellevegen startar. Bomveg.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 2,6
Lengde tur/retur (km) 2,6 km t/r
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 50 14
Bratteste helning ned 50 14
Total stigning 220 Høydemeter

Kart

Sunnmørsalpane, M711 1119 II, sunnmorskart.no