Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Giske

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

5,6

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Fra parkeringen på Synesfjellet ser man Erkna ute i havet. Brimneset ligger på innsiden av Erkna.
Brimeset - Erkna i bakgrunnen
Mye rullestein i området.
Erkna sett fra Brimneset

Brimneset

Fotograf: Hans-Petter Sandseth

Kvifor gå denne turen?

Denne turen tek deg ut til det mektige havlandet mot vest på sørlege del av Vigra, først med unik utsikt frå Synnesfjellet, og deretter spennande vandring utover til dei ytste berga mot storhavet. Flott og spektakulært turmål året rundt, både i finever og ruskever! Her ute ligg også Seilmerket, eit kjent lokalt turmål. Seilmerket er ein stor rundbygd steinvarde, måla i signalfargane svart og kvitt. Høgt og fritt ruvar den, ute på dei ytste berga mot vest. Fantastisk utsiktspunkt for å observere midnattsola og ikkje minst nordlyset. Det flotte lyset her ute inspirerer til fotografisk utfalding. Her er også ein postkasse med ei bok, der du kan registrere deg.
(Ver merksam på at det finst eit nettverk av utgangspunkt og turvariantar i ulike lengder i området, som går både til Seilmerket, men også frå/til områda nordafor, mot Blimsanden. Nokre av desse blir lagt ut som eigne moroturar.)

Kvar i terrenget går turen?

Fra toppen av Synesfjellet så følger man en vei forbi antenneanlegget. Det går en tydelig sti ned ryggen på fjellet, vestover. Denne tar deg ned mot sjøen. Etter at du er kommet ut av skogen så skal du over et myrete område. Det er lagt ut klopper og planker på de verste plassene. Stien til neset er tydelig. Ett par 100-meter før du er fremme så kommer du til et skilt som peker tilbake hvor du kom fra: Røsvika og Synesfjellet.
Det er et 'must' å gå ut til den store flotte varden på Brimneset. Her er det en postboks med en loggbok for besøkende, hvor du kan skrive deg inn.
Du kan gå tilbake samme veien du kom, eller fortsette til høyre, sørover ved skiltet. Etter en ca. 80 meter så går du gjennom en steingard. Her skal du følge stien som går østover, langs steingarden og mastene mot fjellet 'Kjerringa'. Det er en tydelig/vel definert rås tilbake til byggefeltet.
Like etter at du passerer noen rester av en grunnmur, opplødd stein, så deler stien seg. Begge stiene tar deg med opp på Synesfjellet, men den som går mot sør tar deg gjennom byggefeltet og det blir å følge bilveien rundt og opp på fjellet. Dette blir en noe lengre vei, men helt grei.
Sporloggen tar deg med østover og gjennom et strømgjerde. Her følger du så gjerdet oppover i et dyretråkk, som går nordlig. Du ser masta hele tiden, som viser deg veien. Tråkket her er ganske tydelig og burde være lett å følge for alle.
Frå parkeringsplassen ved Viking, går du mot venstre, og passerer ganske fort eit vegkryss med skilting til Røsvik. Passer denne, gå videre ca 150m og ta neste veg opp til høgre. Dette er Fjellvegen som tek deg opp på Synnesfjellet. På vegen opp har du flott utsikt til Røsvikvågen og havet i vest. Du passerer en radarinstallasjon for innflyging til flyplassen, før du er heilt oppe på høgda, som viser havlandskapet du skal bevege deg i vidare. Her får du prima 360” utsikt over land og hav, med holmar og fyr. Synnesvågen ligg nedanfor mot aust, Røsvikvågen mot vest. Lengst i sørvest er Erkna fyr, så Storholmen litt lenger nord og Røssholmen fyr lengst mot nord. Seilmerket kan sjåast ytst ved havkanten i rett linje mot Erkna fyr, og vil heile tida vere synleg turmål. (Med barnevogn går det bra opp hit, men ikkje lenger.) Vidare går du stien som slynger seg nedover knausar og bakkar ned frå fjellet. Hald venstre side av skogkanten. Når du kjem til gjerdet, hald deg på høgre sida og følg stien vestover gjennom myrlendt område. Det er lagt ut klopper og plankar på dei blautaste plassene.Når du nærmar deg sjøkanten i vest, går stien tilbake til gjerdet. Her er ei grind, passer gjennom denne. Vidare er stien ikkje så opplagt, for her er ein del stein og svaberg. Men turmålet er lett synleg. Det er sterkt å anbefale å halde seg godt inne på land, då grov sjø kan gjere svaberga glatte. Men er det ein finever og sjøen ligg roleg, er ingen ting meir spektakulært enn å vandre ut på dei flotte svaberga i retning Seilmerket. Her er også fin drivved i ei vik om ein vil gjere opp bål. Men er ein på jakt etter ein lun rasteplass når det er fint ver og det bles nordaust, er det lurt å komme seg til turmålet. Gå så framom seilmerket. Nedfor kanten av platået er ein lun og flott rasteplass med spesielle bergformasjonar, tett på sjøen og med utsikt utover havet.
Tilbaketuren går du over svaberga til du møter turskilt til Røsvika. Her går du ned mot høgre, gjennom ein opplødd steingard og følgjer stien vidare austover langs steingarden. Stien er tydeleg og tar deg heilt fram til byggefeltet. Her er også eit stival å gå rett ned mot Synnesvågen, og følge sjøkanten tilbake. Stien her er utydelig og underlaget meir ujamnt.)
Vel framme i byggefeltet er det berre å rusle Bureisingsvegen rett fram gjennom feltet til du møter fylkesveg 136. Her tek du mot venstre og går opp ein bakke. På toppen av bakken ligg Solbakken skule på høgre hand. Følg vegen vidare fram til utgangspunktet.

Kulturminne

Seilmerket / steinvarden
Steingardar og hustufter i opplødd stein.
Solbakken skulehus frå 1893 (ved vegen på returen)

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Denne turen er på Vigra og startar ved Viking samfunnshus. Slik kjem du dit: Med utgangspunkt i Esso-stasjonen på Gjøsund, med det same du kjem over sundet til Vigra, køyrer du nordover på riksveg 658 i 4 km. Rett etter passering under rullebanen til flyplassen, tek du av til venstre ved skilting til Synes og følgjer fylkesveg 135, parallelt med rullebana vestover. Etter 2,7 km tar du av til høgre ved skilt til Blindheim. I neste kryss, etter 800m tek du til venstre og køyrer rett fram 800m til du ser ein litt større bygning på venstre side av vegen. Dette er Viking samfunnshus, med stor parkeringsplass. Her kan du parkere og ha som utgangspunkt for turen til fots.
(Det er også mulig å køyre vidare inn i byggefeltet i Synnesvågen, og starte turen derifrå, om du ønsker ein kortare variant. Då køyrer du berre vidare til du ser skilting til Synnesvågen mot høgre. Her følgjer du skiltinga og køyrer Bureisingsvegen til endes. I skogkanten her står et skilt for fottur og ein brulagt sti som fører deg inn i marka. Denne varianten inkluderer ikkje turen over fjellet)

Kvar endar turen?

Same som start/utgangspunkt
Her kan også nemnast at det er mange mulige rundturar med same utgangspunkt/parkering. Ein kan t.d. gå stien tilbake frå Seilmerket via Røsvikvågen og Røsvika, og vidare heilt nord til Blimsanden, om ein ønsker å utvide runden ytterlegare. Noko gange etter landeveg tilbake til utgangspunktet.

Kvar kan du parkere?

Viking samfunnshus (sjå under startsted)

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Traktorveg 0,2
God sti 0,5
Natur 0,6
Myr 2,0
Røtter / steiner 0,3
Lengde tur/retur (km) 5,6
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 80 15°
Bratteste helning ned 35 19°
Total stigning 93 Høydemeter

Offentlig transport

Mest fleksibelt om ein kan køyre bil, sykle eller gå. Men Fastlandsbussen rute nr 662 går frå Ålesund til området 5 g kvardagar.

Mobildekning

God

Spesielle forhold

Det kan vere noko fuktig langs denne ruta. Det er lagt ut klopper fleire plassar.
Goretex/vasstett fottøy anbefalast for tur i dette området.
For geocacher: der er ein post på Brimneset!

Kart

Vigra, blad 1120 II i M711 kartserien og Ålesund i Turkartserien