Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Brudevika - Lisje-Krokhornet - rute 5

Om turen

Gradering

Kommune

Vanylven

Type tur

Fottur

Gradering

XXX Rød

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

6,5

Lengde en vei (km)

3,25

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Ved Brudevikvatnet
Utsikt ned Skåra. Sjølv om det er bratt er det greitt å gå ned her.
Mellom Ramsgjelnakken og Lisje Krokhonet er råsa (stien) mange stader markert med små steinar som ligg opp på større stein.
Utsikt frå Lisje Krokhornet
Oversikt over Brudevika og ruta frå parkering og opp til Brudevikvatnet

Brudevika - Lisje-Krokhornet - rute 5

Fotograf: John Willy Klungre

Kvifor gå denne turen?

Dette er ein flott tur på ei velhalden rås (sti) som er eit flott kulturminne frå den tida då mjølkarane gjekk 1 eller 2 gonger for dag opp på fjellet for å mjølke kyrne. Ein skal ikkje gå mange minutt før ein får flott utsikt. Etter ein slak start går råsa bratt opp Skåra til Brudevikvatnet. Dei som ikkje vil stoppe der kan gå vidare til Lisje Krokhornet der det er flott utsikt mot Stadlandet, havet og øyane i Sande kommune. Det er såpass bratt opp Skåra at dette truleg ikkje er ein tur for dei med høgdeskrekk. Sjølv om det er bratt er det greitt å gå på grunn av både menneskeskapte og naturlege trappetrinn. Dei som likar å gå bratt opp, men vil ha det slakare ned kan gå via Krokedalen ned att. Då endar ein opp ved fylkesvegen i Krokvika 4 km frå Brudevika.

Kvar i terrenget går turen?

Parker nede ved fylkesvegen ved det nordlegaste vegkrysset i Brudevika. Gå 50 meter til næraste vegkryss, og gå deretter asfaltert sideveg heilt til du kjem til ein raudmalt låve som er det første huset på oppsida av vegen. Råsa (stien) startar på oppsida av låven.

Dei første 750 metrane går i relativt slakt terreng og det er mange stader tydeleg spor etter ferdsel gjennom lang tid. Deretter går det bratt opp Skåra. Dei siste 200 høgdemetrane har ei stiging på 42 grader, men fordi råsa går i små hårnålssvingar oppover blir den effektive stigninga på rundt 35 grader i snitt. Det er godt synleg rås (sti) heile vegen opp til Brudevikvatnet. Frå Brudevikvatnet til Lisje Krokhornet er det mindre synleg rås. Her kan det vere lurt å sjå etter små steinar som ligg opp på større stein. Dei markerer kvar råsa går.

Kulturminne

Det flottaste kulturminnet på denne turen er nok sjølve råsa (stien) frå Brudevika og opp til Brudevikvatnet. Frå gamalt av var det denne råsa som vart brukt når ein skulle opp til støylen for å mjølke kyrne. Avhengig av om ein overnatta eller ikkje måtte turen dermed gåast 1 eller 2 gonger for dag, i all slags ver.

I tidsperioden frå rundt 1800 og fram til 1945 var utmarka i Norge hardt beskatta fordi ein trong mat til ei veksande folkemengd. Ekstra hard var beskatninga under andre verdskrig fordi ein då både hadde tyske soldatar som skulle ha mat og også hadde stopp i importen av mat. Gardane på Sunnmøre og i Brudevika var jamt over relativt små, og dei fleste bruka var kombinasjonsbruk der småbruk og fiske var levevegen. Dei fleste gardane hadde støylsdrift der ein utnytta dei gode fjellbeita. Vanlegvis hadde ein ei slakk rås der kyrne kunne gå til fjells, og ei raskare og brattare rås der mjølkarane kunne gå sin daglege tur og bere mjølka ned att til garden. Kyrne frå Brudevika kom seg opp på fjellet via ei rås nærare Flugevågen, men dei som skulle opp og mjølke kvar dag gjekk raskaste og brattaste veg for å spare tid. Etter 1945 vart det igjen import av mat og støysdrifta forsvann etter kvart på Sunnmøre. Etter dette har mange av dei gamle mjølkarråsene grodd igjen. Råsa opp til Brudevikvatnet vart rydda for ferdsel igjen i 1975, og her er det Atle Brudevik som har vore eldsjela som har halde råsa open.

Med det same ein er ferdig med den brattaste stigninga og er komen opp på toppen av Skåra ser ein restar av grunnmuren av eit hus til høgre (sør) for råsa. Dette er restane etter eit torvhus der torva vart tørka før den vart boren ned til Brudevika. Torv vart brukt som brensel i eit område meir eller mindre fritt for tre. Og det var ikkje lite arbeid som skulle til for å sikre brensel i form av torv. Først til fjells for å skjere og stabel opp torva til tørk. Deretter å samle den i torvhus for fintørking. Og til slutt skulle den berast heim.

Ved osen i Brudevikvatnet, der Kvernhuselva renn ut, ser ein restar av demningar. Dessa vart brukt for å demme opp vatn slik at ein hadde mykje vatn å ta av når ein skulle male kornet i kvernhuset. Då vart ein person sendt til fjells for å opne toppen av demninga. Kvernhuset sto nede ved sjøen der vegen går no, og forsvann under vegbygging.

På Lisje Krokhornet ser ein restar av ein mur i stein som var bygd for å hindre at dyra gjekk ned i skråningar som vart stendig brattare. Desse er det mange av i Vanylven og dei går under namnet Varegardar.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar kan du parkere?

Går greitt å parkere ved ei utkøyrsle rett sør for det nordlegaste vegkrysset i Brudevika.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 5,5
Dårlig sti 1
Lengde tur/retur (km) 6,5
Lengde en vei (km) 3,25
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 250 42
Bratteste helning ned 250 42
Total stigning 450 Høydemeter

Mobildekning

God dekning på det meste av ruta

Kart

Turkart for Vanylven - kan kjøpast på butikkar og bensinstasjonar i Vanylven