Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Bygda rundt - på Åheim, rute 64

Om turen

Gradering

Kommune

Vanylven

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

5

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Birkedal – eit gamalt tun frå 1800-talet.
Rasteplass og krypinn for fiskarar ved Åheimselva.
Ned Holen har ein fin utsikt mot sentrum og elveosen. Stad i bakgrunnen.
Flott utsikt heim bygda mot Vanylvsgapet og Revjehornet/Stad.

Bygda rundt - på Åheim, rute 64

Fotograf: Odd Westerås/Sonja Westerås

Kvifor gå denne turen?

Bygda rundt er ein av i alt 22 turar kjent som Vanylvsturen. Vanylvsturen kom i stand som eit samarbeid mellom kulturavdelinga, prosjekta bulyst og folkehelse. Første gong i 2009 som var kulturminneår. Ein har lagt til rette for turar i dei fleste bygdene, såkalla lavterskelturar. Det vil seie at dei fleste kan gjennomføre dei
Tanken er at ein på turane skal oppleve kultur i den forstand at ein vert påmint om menneskeleg aktivitet som har vore før, kjennskap til myter og forteljingar, minner, noko som gir meining og styrkar identitet. Samtidig får ein vere aktiv i naturen, noko som gir god helse. Turane er merka med eit eige skilt/pil.
Turen er ein fin spasertur frå sentrum. På bygdeveg langs sørsida av Åheimselva, sti lengst framme, til brua over elva ved Gusdalsvatnet. Fylkesvegen tilbake. Ca. 1 time.
Frå krysset i sentrum kan ein gå 800 m langs elva i retning mot Vanylvsfjorden der ein finn St Jetmund kyrkje frå 1155.
200 m frå parkeringsplassen ved Misjonshuset finn ein Valborgsamlinga og Norsk Olivinsenter som begge er plassert i gamle Thue skule.

Kvar i terrenget går turen?

Parker ved misjonshuset i krysset ved avkøyringa til Selje/Stadlandet. Gå sørover langs vegen ( Fv 61) til du kjem til første innkøyring på venstre side (Laksegata). Her finn du første pil på stolpen. Gå vidare til Birkedalen og Holmen. Birkedalen er eit gamalt tun frå 1800-talet som var buplass fram til 1960. Det kvite steinhuset er sett opp i 1920. 4H klubben Elvablikk nyttar tunet og husa i Birkedalen som matstasjon under sin årlege ”Bygda rundt” trimtur.
Følg vegen forbi Birkedal og sjå etter pila opp den vesle grasbakken og følg stien. Til høgre for Veiradalselva ser ein eit gamalt kvernhus frå midten av 1800-talet der alt inventar er intakt. Kvernhuset var sist i bruk under krigen.
Brua over elva er bygd av Elvablikk 4H. Der finn de også ei bok som klubben vil ein skal skrive seg inn i. Åheimselva har alltid vore ei god lakseelv og frå brua ser ein ”Rundesteinen” der det er ein ekstra god fiskeplass. Langs Åheimselva er stien godt tilrettelagt med koseleg bru og sitteplassar.
I enden av stien kjem du ut på veg og over ei bru til hovudvegen som fører tilbake til Åheim sentrum. Her ser ein rett ut i havgapet mot Stad og Revjehornet. Flott utsikt, særleg når veret er fint og ein får sjå solnedgongen. På veg mot sentrum passerer ein Åheim stadion. Ned Holen like før krysset i sentrum har ein Olivinhallen opp til høgre. I krysset tek ein til venstre over brua og kjem tilbake til utgangspunktet ved Misjonshuset.
Dette er en god gåtur. Brukar ein sykkel må den trillast eit lite stykke langs elva.

Lenke til turbeskrivelse

Kulturminne

Birkedalen – eit gamalt tun frå 1800-talet som var buplass fram til 1960. Det kvite steinhuset er sett opp i 1920. 4H klubben Elvablikk nyttar tunet og husa i Birkedalen som matstasjon under sin årlege ”Bygda rundt” trimtur.

Kvernhus – eit gamalt kvernhus frå midten av 1800-talet der alt inventar er intakt. Kvernhuset var sist i bruk under krigen.

St. Jetmund kyrkje – Besøk middelalderkyrkja St. Jetmund på Åheim. Kyrkja kan vere ei av dei eldste kyrkjene i Noreg. Sankt Jetmund kyrkje er ei langkyrkje frå 1155. Byggverket er i marmor og stein. Kyrkja vart riven i 1863, men gjenreist og vigsla på ny i 1957. Steinen var spreidd rundt i bygda og hadde vorte nytta i ymse bygg. Han måtte samlast inn att før dei bygde oppatt kyrkja på dei gamle murane som det stod att i ein meters høgd. Dei hadde skisser av kyrkja frå før ho vart riven å gå etter.
http://www.vanylven.kommune.no/modules/article.aspx?ObjectType=Article&Article.ID=870&Category.ID=973

Valborgsamlinga – Ei samling av bruksting, tekstilar, klede og gardsreiskap i hovudsak frå tida1800-1900.
http://www.vanylven.kommune.no/modules/article.aspx?ObjectType=Article&Article.ID=698&Category.ID=829

Norsk Olivinsenter– Norsk Olivinsenter skal vere det leiande senteret for presentasjon av mineralet olivin, både for egenskapane innan industri og produksjon og som edelstein i rein utgave.
Målet med etableringa er å skape eit kunnskapssenter for i hovudsak mineralet olivin, men også andre mineral dert er større lokale førekomstar av t.d. eklogitt. Lokalhistoria her er sterkt prega av gruvedrifta på olivin i fleire generasjonar.
For NOS er det viktig å samordne både den lokale og eksterne kunnskapen rundt minerala. Senteret vil også presentere fakta og myter om olivin / peridot og vere ein base for guida turar i nærmiljøet med fokus på mineralførekomstar.
Norsk olivinsenter er lokalisert ved Valborgsamlinga i Thue gamle skule.
Edelsteinen peridot er ein smykkestein allereie kjent frå antikken. Så viktig er den at den internasjonalt har fått sin eigen månad (august). Peridot frå Åheim er verdskjent for sin intense grønfarge, og reinheit. Alle dei største mineralmusea i inn- og utland har peridot frå Åheim i sine samlingar.
Finne din eigen edelstein? Følg skilta frå Åheim sentrum mot Sundalen, ca 6 km frå Åheim sentrum ligg Peridotplassen, ein rasteplass der grusen er "krydra" av peridot og eklogitt.
http://norskolivinsenter.no/#cid=1

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Misjonshuset ved krysset mot Selje/Stadlandet. Turen kan sjølvsagt gås motsatt veg enn det som er beskrevet her. Sidan dette er ein rundtur kan ein starte kvar som helst. Gode alternative startsted er frå krysset i sentrum eller frå stadion på Løvold.

Kvar kan du parkere?

Parkering ved Misjonshuset nær krysset mot Selje/Stadlandet. Alternativ parkering ved COOP/Spar eller ved stadion på Løvold. Ingen parkeringsavgift.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 4,5
God sti 0,5
Lengde tur/retur (km) 5
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 15 20
Bratteste helning ned 65 6
Total stigning 88 Høydemeter

Mobildekning

Mobildekning hele turen.

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven