Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Område

Sunnmørsalpene

Kommune

Ørsta

Type tur

Fottur

Gradering

XXXX Svart

Lengde tur/retur (km)

7,2

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Råsa til Dalegubben sett frå Sæbø, råsa merka med raudt går på baksida opp til toppen. Vi ser Litledalshornet til venstre og Lynghalstinden til høgre
Når du har gått ca 1,2 km og 350 hm kjem du til Fredbua, ei kvilehytte med god utsikt over Sæbø og Hjørundfjorden, I midten ser vi Stålberghornet og Jakta.
Konsentrert klyving det siste stykket mot toppen. Molladalstindane oppe til venstre, Spjelkavika i midten, Sylvkallen til høgre
Mot nordaust, Trandal ved fjorden. Tårnet, Blåbretinden og Skarrabben til venstre. Råna, Regndalstindane og Urkedalstinden til høgre. Holmshornet nærmast
Utsikt mot nordvest, Nonshornet nærmast, Saudehornet og Vassdalstinden til venstre. Kolåstinden i midten. Nordre Sætretind til høgre.
Mot søraust, Slogen og Øye til venstre. Jakta i midten, Kvitegga, Hornindalsrokken, Utolhornet og Kjerringøyra til høgre. Lynghalstinden og Sæbø nærmast

Dalegubben

Kvifor gå denne turen?

Dalegubben er høgste toppen på fjellmassivet nord for Sæbø. Toppen er nesten ikkje synleg frå Sæbø, men når du kjem opp får du ei fantastisk utsikt over Sunnmørsalpane og Hjørundfjorden. Første delen av turen til Dalegubben går på Gunnarråsa der du kan gå innom Fredbua, ei kvilehytte med god utsikt over Sæbø og Hjørundfjorden.

Kvar i terrenget går turen?

Frå Kvievegen går du vegen opp til vassverket (ca 400 m) Råsa startar bak vassverket og går på venstre sida av fonnvernet, råsa går nordvestover bratt opp gjennom barskogen, går så vestover flatt eit stykke før den igjen går nordvestover bratt opp gjennom lauvskogen til ca kote 450, då er du komen oppom skogen og råsa kryssar elva (her er siste moglegheit til å finne drikkevatn) Råsa går så nordvestover midt etter Skondalen, øverst i Skondalen må du regne med at det tidleg på sommaren ligg ein stor snøbre som du må krysse, komen opp Skondalen går du over på lavaste punktet på austsida av Dalegubben og du må klyve opp på baksida dei siste 50 hm.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Ta av frå E39 i rundkøyringa i Ørsta sentrum og køyr fv 655 til Sæbø, køyr Øyragata forbi ferjekaia og ta andre avkøyring til venstre på Kvievegen og parker på parkeringsplass før vegen opp til vassverket. Dersom her ikkje er ledig parkeringsplass må du finne parkeringsplass i Sæbø sentrum.

Kvar kan du parkere?

Parkeringsplass med plass til 4 bilar i Kvievegen. Dersom her ikkje er plass ledig må du finne parkeringsplass i Sæbø sentrum.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 0,8
God sti 6,4
Lengde tur/retur (km) 7,2
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 20 55
Bratteste helning ned 20 55
Total stigning 1340 Høydemeter

Offentlig transport

frammr.no

Spesielle forhold

Motbakkeløpet Dalegubben Opp vart arrangert for første gong i 2017. Løyperekordane er: Herrer: Andreas Skylstad 57.20. (2017) Kvinner: Lucy Jancus 1.11.01. (2017)

Kart

Sunnmørsalpane, M711 1219 III, norgeskart.no