Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Eidskremheia fra Eidskrem

Om turen

Gradering

Kommune

Aukra

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

5,4

Lengde en vei (km)

2,7

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Utsikt nordover
Toppen!

Eidskremheia fra Eidskrem

Kvifor gå denne turen?

Eidskremheia er det høgste fjellet i Aukra Kommune (493 m.o.h). Kommunegrensa til Molde går over Eidskremheia. Her er ei fantastisk flott utsikt, ta pauser på turen opp og nyt utsikta. Lomtjønna og Skartjønna ligg i same område og er fine kvileplassar.

Kvar i terrenget går turen?

Parker på parkeringsplass på austsida av fylkesvegen på Eidskrem. Stien startar då tvers over for avkjøyringa til utleigehyttene på Eidskrem (skilt v. bilvegen). Bratt tung sti opp til det flatar ut. Gå til høgre over elva, forbi ei hytte og følg merka sti fram til du møter stien som kjem frå Fangholsetra. Følg så stien oppover til toppen, ta så til høgre utover mot Eidskremhemheia.

Du kan også gå frå Fanghol. Parker ved gamle skulen i Julsundet (Fanghol), gå mot Molde ca. 300 m, her starter Fjellvegen ved info.tavla. Turen går opp same veg som til Fangholsetra, derfra til høgre opp P-Skaret vidare ned til høgre til Langmyra.  Gå på vestsida av Langmyra og vidare opp ryggen til Eidskremheia. Eit stykke frå Langmyra møter du stien som kjem frå Eidskrem. Oppe på Eidskremheia er det fint å gå vestover etter høgda.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Start på Eidskrem.

Kvar endar turen?

Turen kan starte i Hola og komme ned på Eidskrem, eller omvendt.

Kvar kan du parkere?

Parkeringsplass både på Eidskrem og på Fanghol.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Natur 5,4
Lengde tur/retur (km) 5,4
Lengde en vei (km) 2,7
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 350 30
Bratteste helning ned 350 30
Total stigning 450 Høydemeter

Offentlig transport

Kan nytte buss som går til Aukra og Fræna. Sjå ruter.

Kart

Kartserie 711 Kartblad 1220 I Hustad eller turkart Molde. Nytt turkart; Julsundmarka.