Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Aukra

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

3

Skriv ut Kjørebeskrivelse
Fra den bratte stien opp til Eidskremsetra

Eidskremsetra

Kvifor gå denne turen?

Turen gjev flott utsikt over Eidskrem, Oterøya og inn Romsdalsfjorden. På Eidskremsetra er det gamle tufter etter seterhus og steingarden rundt.

Kvar i terrenget går turen?

Stien startar på Eidskrem, tvers over for avkjøyringa til utleigehyttene. Bratt tung sti de første 400 - 500 meter, så flater det noko ut. Følg stien vidare til stien deler seg, ta til venstre opp til setervollen på 280 m.o.h.. Her vil det bli rydda i løpet av våren og sommaren 2013. Turen gjev flott utsikt over Eidskrem, Oterøya og inn i Romsdalsfjorden. På Eidskremsetra er det gamle tufter etter seterhus og steingarden rundt.

Kulturminne

Dei gamle tuften etter seterdrifta gjev oss ei påminning om forfedrenes utnyttelse av fjell og utmark som beiteområde for husdyra. Stien opp er bratt og tung så lett var det ikkje.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Start på Eidskrem. Dårlig om parkering.

Kvar endar turen?

Gå tilbake samme veg.

Du kan også forsette videre til Langmyra, Peskaret, Fangholsetra og ned til Hola og etter gangvegen til utgangspunktet. Rundturen blir ca. 5 km. Stien frå Eidskremsetra til Fangholsetra blir merka våren 2013.

Frå Fangholsetra kan du også ta turen over Storklauva ned Storklauvstien til Klauvsdalsmunningen, her kan du velge tur over Svartnakken til Gammelsetra. Eller du kan ta turen ned over Pettermyra til Gammelsetra, og vider ned til Hola. Turen blir da ca 6 km.

Kvar kan du parkere?

Det er vanskelig om parkering på starten av turen.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 1 km
Natur 1 km
Røtter / steiner 1 km
Lengde tur/retur (km) 3
Stigning meter grader
Total stigning 230 m Høydemeter

Offentlig transport

Aukra Auto , Atlantic Auto

Kart

Kartserie 711 Kartblad 1220 I Hustad