Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Eidskyrkja/Kyrkjefjellet frå Skinnviksætra

Om turen

Gradering

Kommune

Volda

Type tur

Skitur

Gradering

XXX Rød

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

9,2 km t/r

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Ferdig med bratta opp Blåbreen, utsikt ned til Skinnviksætra og Austefjorden.
I fint driv siste stykket mot toppen, vi ser Sunndalsnipa midt i bildet.
Skinnviksætra i nedre bildekant og Blåbreen midt i bildet.
På toppen av Eidskyrkja, vi ser Storetoren over skituppen, Lisjetoren, Klakken og Felden vidare mot høgre.

Eidskyrkja/Kyrkjefjellet frå Skinnviksætra

Kvifor gå denne turen?

Eidskyrkja/Kyrkjefjellet er høgste fjellet i Volda. Turen frå Skinnviksætra er ein fin vårskitur og har ei flott nedkøyring heilt frå toppen og ned på sætra. Her kan ofte vere skiføre langt uti juni dersom du vil bere skia 2-300 hm. Vegen opp til sætra er vanlegvis brøyta til Påske, dersom her ikkje er brøyta må du starte ved hovudvegen, då vert turen 14,5 km og 1500 hm mot 9,2 km og 1200hm frå sætra. God utsikt i alle retningar, du ser Nordfjordfjella, Sunnmørsalpane og uti øyane, Du må også legge merke til den spesielle spiralforma furua som står på nordvestsida av sætra.

Kvar i terrenget går turen?

Start på Skinnviksætra og gå mot sør. Du ser Blåbreen på vestsida av Blåfjellet, du skal opp denne breen, så får du sjølv velge trase etter snøforholda som er her, det kan ofte vere greitt å fylje skispor som er her frå før. Litt ovapå sætra er der ei bru, GPS fila går over denne brua, men det kan ofte vere betre å gå på vestsida av elva og fylje moreneryggen oppover, men det er alt etter korleis snøforholda er den dagen du er her. Når du kjem opp på ei flate og skal starte opp Blåbreen må du sjå kva som ser tryggast ut, det kan rase både på vestsida og på austsida av Blåbreen. Bakken opp Blåbreen er ca 25 grader med ca 30 grader dei øverste 50 hm. Når du er komen opp på kanten går du ca 1 km mot sør/sørvest opp til toppen. Nyt utsikta og gled deg til nedkøyringa.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Kvivsvegen tek du av inst i Austefjorden skilta mot Fyrde, frå vegkrysset i Fyrde sentrum køyrer du ca 2,3 km vestover mot Straumshamn og tek til venstre opp bomveg til Skinnviksætra.

Kvar kan du parkere?

Skinnviksætra, god parkeringsplass i vegkryss ca 250 m før sætra. Bomveg.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Ikke preparerte løyper 9,2
Lengde tur/retur (km) 9,2 km t/r
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 100 30
Bratteste helning ned 100 30
Total stigning 1200 Høydemeter

Rasfare

Værforholdene og snøstabiliteten kan endre seg raskt, husk alltid å vurdere snøskredfare før du velger tur og rute. For oppdatert snøskredvarsel i Romsdalsområdet og informasjon om hvordan du selv kan redusere din egen risiko, gå til www.varsom.no. Snøskredvarselet vil aldri være en fasit på hvor det er trygt, men vil gi deg mer informasjon om forholdene slik at du selv kan gjøre fornuftige valg.

Rasfare frå både vest og aust på Blåbreen. Seint på våren kan der også vere bresprekker i Blåbreen.

Kart

M711 1219 III, Sunnmorskart.no