Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Ulstein

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

6,8 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Eiksundsætra

Kvifor gå denne turen?

Turen til Eiksundsætra går i flott terreng, med utsikt mot fleire fjordar (Volda, Ørsta, Rovde Vartdal), og er fin å gå heile vegen. Du kan også gå til EIksundsætra frå andre startpunkt i Eiksund, til dømes frå Havåg eller frå Britahaugen. Sjå turomtale til Haddalshornet og Blåtinden for desse turane.

Kvar i terrenget går turen?

Turen startar ved Eiksund vassverk, litt forbi krysset på Ødegårdsvegen. Stien kan vere litt gjengrodd av gras i sommarsesongen, men er fin å gå. Stien går gjennom skog før ein kjem opp på snaufjellet og har fin utsikt utover fjordane og mot Sunnmørsalpane. Når ein kjem litt før Grøthornet deler stien seg, går du til høgre, kjem du til Eiksundsætra.

Kulturminne

Eiksundsætra var i aktivitet for 50-60 år sidan, med mellom anna beite for kyr.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Volda/Ørsta: Køyr E39 til rundkøyringa i Furene, ta av mot Ulsteinvik og køyr gjennom Eiksundtunnellen (RV653). Like etter Eiksundbrua tek du av til høgre, køyrer mot den gamle fergekaia og svingar skarpt til venstre her. Du kjem til eit kryss der det m.a. er ein grusveg rett fram. Denne skal du følge eit kort stykke opp til Eiksund vassverk. Her er det plass til å parkere nokre bilar.
Frå Hareid/Ulsteinvik/Herøy-området: Køyr mot Volda/Ørsta (RV653) og ta av mot gamle Eiksund fergekai like før Eiksundbrua.

Kvar kan du parkere?

Plass til nokre bilar ved Eiksund vassverk, inga avgift

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 3,4
Lengde tur/retur (km) 6,8 km
Stigning meter grader
Total stigning 485 Høydemeter

Offentlig transport

http://www.frammr.no

Kart

Søre Sunnmøre