Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Elvadalen til Årneset

Om turen

Gradering

Kommune

Volda

Type tur

Fottur
Sykkeltur

Gradering

X Grønn

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde en vei (km)

1,6

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Frå starten av turen
Det er badekulpar undervegs, m.a. ved Støyperiet
Bru over elva mot ungdomsskulen
Mylnefallet - kraftverk
Gå over denne brua like ved stadion, og du kjem snart til Årneset
Idyllisk langs elva

Elvadalen til Årneset

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

Ei perle av ein tursti midt i Volda sentrum. Turen går frå Volda sentrum og opp til Årneset ved Rotevatnet. Her er det badeplass, sandvolleyballbane, diskgolf og Volda jeger- og sportsfiskarlag har naustet sitt her. Du kan også ta turen innom stadion/Stadionparken der det har blitt eit flott aktivitetsområde.

Kvar i terrenget går turen?

Turen går på god grusveg. 15.mai 2018 er det nyopning av turstien. Den vil då starte heilt nede i Volda sentrum og følge elva heile vegen opp til Årneset.

Lenke til turbeskrivelse

Kulturminne

Det er fleire kutlruminne langs elva. Desse er markerte med skilt og fortel historier om livet langs elva. Øyraelva er også fantastisk flott lakseelv, der det årleg vert fiska laks opp mot 7 -8 kg

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Turen startar ved brua der E39 gjer ein 90-graderssving, like ved Halkjelsvikbil og Spinneriet

Kvar endar turen?

Denne turen går frå sentrum til Årneset. Om du vil, kan du gå fortsette turen når du kjem til Årneset, og gå/sykle rundt Rotevatnet.

Kvar kan du parkere?

Parkering i kjellaren på Spinneriet eller andre stadar i sentrum. Det er også greit å parkere ved Årneset viss du vil gå motsatt veg (ned til sentrum)

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 1,6
Lengde en vei (km) 1,6
Stigning meter grader
Total stigning 50 Høydemeter

Offentlig transport

Buss eller ferge til Volda sentrum.

Kart

Nærturkart Volda