Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Fagerlihøgda frå Fagerlia

Om turen

Gradering

Kommune

Gjemnes

Type tur

Fottur
Skitur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

4,4 km

Lengde en vei (km)

2,2 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse
Utsikt vestover mot Fosterlågen

Fagerlihøgda frå Fagerlia

Fotograf: Henrik Duaas Indergård

Kvifor gå denne turen?

Ein ganske kort tur, med flott panoramautsikt frå toppen.

Kvar i terrenget går turen?

Frå skisenteret på Fagerlia følgjer du skogsvegen opp til Høgberget hyttegrend så langt denne går. Ta så av oppover i skogen ved skilta sti til høgre. Etter 5-600 meter kjem du over skoggrensa, og siste del av turen går stort sett på snaufjell. Det er noko myrlendt i første del i skogsterrenget.

Frå toppen er det to andre alternative ruter ned att. Følg merka sti vidare over høgda og ned i Fagerliskaret. Herifrå kan du gå ned skogsvegen til FV291 ved Bytbekken, om lag 1,5 km nærare Flemma frå der du starta (https://mrfylke.no/Morotur/Turar/Fagerlihoegda-fraa-Bytbekken), eller følgje høgda over mot Flemseterfjellet og ned til FV291 ved Flemsetra, om lag 3,5 km nærare Flemma (https://mrfylke.no/Morotur/Turar/Fagerlihoegda-om-Flemsetervatnet). 

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Turen startar ved parkeringsplassen til Fagerlia skisenter.

Frå Heggem / Angvik (FV665) tek du av inn på FV291 mot Flemma. Køyr opp bakken, og du finn parkeringsplass på venstre hand i det det flatar ut (om lag 750 meter etter krysset).

Frå Flemma er det om lag 7,4 km frå sjøen og opp til skisenteret (frå krysset mellom FV666 og FV291).

Kvar endar turen?

Turmålet ligg ved eit trigonometrisk punkt på den nordlege enden av Fagerlihøgda. Her er det postkasse med turbok.

Kvar kan du parkere?

Parkeringsplassen ved Fagerlia skisenter.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 0,6
Natur 1,3
Myr 0,3
Lengde tur/retur (km) 4,4 km
Lengde en vei (km) 2,2 km
Stigning meter grader
Total stigning 260 Høydemeter

Mobildekning

Ja.

Kart

Norge-serien, Kristiansund.