Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Aukra

Type tur

Sykkeltur

Gradering

XXX Rød

Lengde tur/retur (km)

3,4

Lengde en vei (km)

1,7

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Fangholsetra

Kvifor gå denne turen?

Turen til Fangholsetra er ein lett og fin tur. Fangholsetra er i privat eige, og nyttast i dag som hytte for familien. Tur til Fangholsetra har vore ein vanleg tur for bygdefolket. Skuleklassar har ofte hatt dagstur til setra (kanskje mindre dei seinare åra), både til fots og på ski. Fjøsane er det no berre murane att av. Tidlegare var det to fjøs her.

Kvar i terrenget går turen?

Parker ved gamleskulen i Julsundet (Fanghol). Gå ca. 300m. på gangvegen i rettning Molde, gjennom vegskjeringa til Hola. Følg grusa sti frå informasjonstavla. Ta til høgre etter grinda og følg Fjellvegen vidare oppover. På toppen av den bratte bakken fortsett du rett fram forbi demninga og videre etter setervegen oppover. Vegen kan nokre stader var blaut . Vel framme ved setra er det fint med kvilepause, kanskje kaffi og nistemat.

Kulturminne

Fjellvegen vart bygd i 1941 - 1942. I 40 åra starta Brødrene Hollingsæter å byggje demning (dammen) over Vollelva , med røyrledning derifrå og ned langs elva til kraftstasjonen (stasjonen). Stasjonen låg ved den gamle riksvegen omtrent der Fanghol Telefonsentral ligg i dag. Terrenget her er ganske bratt , så på Gammelsetra vart det bygd ein pendelbane, med den frakta dei opp materialer til bygging av demning og delvis til røyrgata. Frå Gammelsetra og fram til demninga frakta dei materialane med hest og vogn. Kraftstasjonen forsynte Brødrene Hollingsæter Trevare med kraft og dessutan lys til 7 - 8 av dei næraste gardane. Fangholsetra vart bygd av Bernhard Fanghol i 1941- 1942 først fjøs, så seterbu. Den var i drift fram til 1959. Magnus Hollen bygde og ein fjøs her og så delte dei seterbu. Mjølka vart kvar morgon bore ned på børtre, kanskje noko å tenke på når vi strevar oss opp eller ned den bratte Fjellvegen. I Aukra Gjennom Tidene, 1992 utgåva, er det to artikklar om dette . Den eine "Litt om seterdrifta i Julsundet", den andre om "Hollingsæter Trevare" Er du meir interesert så få tak i 1992 utgåva av Aukra Gjennom Tidene.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

I Hola ved informasjontavla, starten på Fjellvegen.

Kvar kan du parkere?

Ved gamle skulen i Julsundet (Fanghol) Ingen parkeringsavgift.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,6
Fast grus 0,8
Løs grus 0,2
Traktorveg 2,8
Lengde tur/retur (km) 3,4
Lengde en vei (km) 1,7
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 166 20
Bratteste helning ned 166 20
Total stigning 215 Høydemeter

Offentlig transport

Aukra Auto - Atlantic Auto

Kart

Kartserie711 Kartblad 1220 I Hustad