Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Feittbrennaren - Hamarstøylvatnet

Om turen

Gradering

Område

Søre Sunnmøre

Kommune

Hareid

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

4,4

Lengde en vei (km)

2,2

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Her startar turen
Hamarstøylvatnet er drikkevasskjelda til Hareid kommune
Utsikt når man kjem opp den bratte delen at turen

Feittbrennaren - Hamarstøylvatnet

Fotograf: Johnny Berge

Kvifor gå denne turen?

Feittbrennaren er ein mykje nytta turveg i Hareid. Namnet kjem av at vegen er mykje nytta av dei som vil gå ned nokre kilo eller kome seg i form. Turen passar for alle og tek omtrent ein time tur/retur. Du går på grusveg eller traktorveg heile turen bortsett frå ei lita stripe på 20m med asfalt ved renseanlegget. Ein får trass beskjedne høgdemeter ei flott utsikt utover Snipsøyrvatnet, Grimstadvatnet, Storfjorden, Melshornet og Hareid sentrum.

Kvar i terrenget går turen?

Man startar ved bommen ved avkøyrsla frå Snipsøyrdalsvegen og går på grusveg opp til renseanlegget der man kjem til traktorvegen som so går opp til Hamarstøylvatnet. Turen har ein jamn fin stigning det meste av turen, men den siste tredjedelen opp mot vatnet går i flatt/småkupert terreng. Ved Hamarstøylvatnet er der fine steinar å sitte på for ei lita pause men der er ofte litt vind.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Like ved Bigset bedehus, midt mellom Hareid og Ulstein tek ein av til Snipsøyrdalsvegen. Følg denne 3 km og parker i avkøyrsla ved bommen. Turen startar der.

Kvar kan du parkere?

Enkelt å parkere ved bommen, evt langs Snipsøyrdalsvegen om der skulle være fullt.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 0,7
Traktorveg 1,5
Lengde tur/retur (km) 4,4
Lengde en vei (km) 2,2
Stigning meter grader
Total stigning 235 Høydemeter

Mobildekning

God dekning