Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Sykkylven

Type tur

Sykkeltur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

ca 8 km.

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Ved ein av rasteplassane.
Utsikt mot Fet.
Ved grillplassen og badeplassen.
Fet

Fetvatnet rundt

Kvifor gå denne turen?

Det er mest vanleg er å starte frå Fet eller frå Straumgjerde. I underkant av halve løypa er på Fylkesveg 60. Det er ein del biltrafikk langs fylkesvegen, så har du med små barn kan det vere ein fordel å heller sykle tur/retur på grusvegen. Løypa har nesten ikkje stigning, men har nokre små parti med opp og ned overbakkar i starten på Straumsheim. Dersom du startar i Straumgjerde er det viktig at du syklar mot Slettegjerde (fotballbane) og tek av til venstre over ei lita bru og vidare mot venstre i neste kryss, men ikkje opp bakkane mot fotballbana. Dersom ikkje kan du lett kome inn på beiter for husdyr. Ynskjer du å sykle raskt er løpa unna gjort på 15 til 20 min. Rekorden frå sykkelløpet Fetvatnet runde er 14 min og 36 sek.(Velledalen idrettslag). Det er også mange som ynskjer å gå i staden for å sykle, men då helst langs grusvegen.
På fylkesveg 60 frå Fetbru ned til Straumgjerde er det lett unna bakken på asfalt vegen.
Langs grusvegen er der lagt til rette med fleire grillplassar og benkar.

Kvar i terrenget går turen?

Du syklar heile tida langs Fetvatnet og løpa går rundt vatnet.

Lenke til turbeskrivelse

Kulturminne

http://www.gislink.no er det fleire registrerte SEFRAK-bygg. Dette er i Fet garden registrert stabbur, naust og ruiner av kven. Langs Fetvatnet på skogsida er der registrert uteløe og ruiner av uteløe. På Straumsheim er det registrert fleire stabbur.
Fetgarden er særskild med at husa er bygd i som klyngetun.

Kvar startar turen?

Du kan starte i gardstunet på Fet,ved Fetmøbel eller frå Straumgjerde ved ungdomshuset. Det er ein rundtur så du kan velje å starte der passar beste. Det er også enkelte som syklar frå Aure eller Ikornnes og tek med denne turen som ein del av løypa.

Kvar endar turen?

Fet ( gardstun) Start/slutt.
Desimalgrader
Breddegrad: 62.30999
Lengdegrad: 6.6119

Vårvon ( Straumgjerde ) Start/slutt
Desimalgrader
Breddegrad: 62.33225
Lengdegrad: 6.59065

Kvar kan du parkere?

Du kan parkere fleire plassar eks. Fet møbel, ned ved vatnet på Fet og i Straumgjerde ved ungdomshuset (Vårvon). Det er gratis å parkere, men ta omsyn til grunneiger.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 4
Traktorveg 4
Lengde tur/retur (km) ca 8 km.
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 5 1
Bratteste helning ned 5 1
Total stigning 0 Høydemeter

Offentlig transport

Det er fult mogleg å kome seg til turmålet utan bil. Du kan ta buss til Straumgjerde ved butikken ( Bunnpris) eller gå av ved Fetbru. Det er Fjord1 som køyrer bussen på denne ruta, Ålesund-Sykkylven-Stranda-Hellesylt-Stryn rute 15-221 (250) sjå http://www.fjord1.no


Kart

Turkart for Sykkylven , Sunnmørsalpane og Sykkylven kartblad 1219