Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Ørsta

Type tur

Fottur

Gradering

XXX Rød

Lengde tur/retur (km)

5,7

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Majestetiske Fingeren
Vilt og vakkert!
Flott utsikt - Romedalen
Standalhytta. Gå på venstre side avflaggstanga. Turmålet midt i biletet

Fingeren

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

Fingeren er ein særprega topp som ligg lett synleg frå Standalhytta, midt i hjartet av Sunnmørsalpane. Det er flott utsikt frå toppen! Siste 40 høgdemeter byr på spanande klyving, men det er også flott å stoppe før klyvinga. Du får likevel ein flott tur og flott utsyn!.

Kvar i terrenget går turen?

Start ved Standalhytta. Vest for hytta (venstre side) finn du stien. Han startar med eit "gjerdeklyv" og er tydeleg vidare opp gjennom skogen og også etter at du kjem ut av skogen. Litt vått nokre plassar. Etterkvart går du over i ur (omlag 800 moh). Her er det delvis merking med vardar. Sjå etter desse, så finn du ei fin rute mot fingeren. Gå ikkje for langt nede; der er det ein del vatn og det kan vere glatt. Du kjem opp på ei lita egg før sjølve Fingeren. Her ser du ned i Romedalen og det er fint å nyte nista og utsikta. Går du turen om ettermiddagen, har du også lenge sol her.
Sjølve klyvinga opp på Fingeren kan for ein del vere utfordrande, men tau er ikkje naudsynt. Gå gjerne med kjentfolk første gong så finn du enklaste ruta. Du skal ikkje gå rett mot toppen, men hald deg i nordsida. Du vil nok sjå kvar "stien" går om du gir deg tid, men ta ingen sjansar om du er usikker.
Det er bra med plass på toppen, så gi deg tid å stoppe her litt, før du returnerer.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Festøy fergekai: Følg skilting mot Standal (Fv 65). Ved Store Standal svingar vegen seg vidare opp mot Standalseidet
Frå Ørsta: Køyr mot Sæbø (655). Ved Høgebrua tek du av opp Follestaddalen (Fv 55). Du kan velje kva side av dalen du vil køyre på. Der vegane møtest fremst i dalen, går vegen vidare over Standalseidet.
Nedanfor Standalhytta er det parkeringsplass ved hovudvegen.

Kvar kan du parkere?

Parkering ved hovudvegen like nedanfor Standalhytta

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 5,7
Lengde tur/retur (km) 5,7
Stigning meter grader
Total stigning 813 Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Spesielle forhold

Det er mogleg å overnatte på Standalhytta.
http://www.visitalesund-geiranger.com/no/Produkt/?TLp=439871

Kart

Sunnmørsalpane