Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Forshuken ved Forsevatnet, Rekdal

Om turen

Gradering

Kommune

Vestnes

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

6 km

Lengde en vei (km)

3 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Gjeita venter ved parkeringsplassen
Langs Gjelstenelva
Forsevatnet, utsikt fra nordsida.
Innviing av Forshuken 2015

Forshuken ved Forsevatnet, Rekdal

Fotograf: E. Melkild

Kvifor gå denne turen?

Turen går til Forsevatnet og ein ny gapahuk (Forshuken) ved vatnet. I Forsavatnet kan du bade eller fiske, eller rett og slett bare nyte dagen. Ved Forshuken er det også ei bålpanne kor ein kan varme seg eit måltid. Husk å ta hensyn til glør og brannfare.
Dette er ein fin familietur. Her er opplevelsen like mye turen langs elva som endepunktet. Stien går langs Gjelstenelva kor det er ordnet med flere rasteplasser. Her kan ein også stoppe opp og bruke makketroa for å få seg nokre småkreer (bekkeørret) i dei fine kulpene langs elva. Fotturen starter ved parkeringsplassen rett før ein kjem til stølen. På Rekdalsetra setres det om sommeren med geit som melkes der, og for de minste er det kjekt å treffe geita. Men husk å ta hensyn og ikke jage geitene eller lokke dei med seg på tur. Fra utgangspunktet Rekdalsetra kan ein også velge andre turer som er merket med skilt. Tur til utsiktspunktet Rekdalshesten med utrolig fin utsikt over fjord og hav (se egen morotur) Det er også merka sti til Røvarhytta og herifra kan du gå videre til Skjeringen eller merka sti til Eikesetra på andre sida av fogderigrensa. Fra Forshuken er det også merket sti til Røverhytta som absolutt er anbefalt et besøk.

Kvar i terrenget går turen?

Rekdal ligg ved fylkesveg 661. Fra Sunnmøre kan du komme dit ved å kjøre til Vatne og derifra enten kjøre rundt Vestrefjorden eller over Nakkedalen via Fiksdal. Fra Vestnes via Tomrefjord og Fiksdal langs fjorden til Rekdal. Omtrent midt i bygda går det ein veg opp til Fotballbanen og videre til setra. Skilt på lysstolpe i krysset. Etter at ein har passert fotballbana kommer ein til ein bom. Herifra er det bomvei (kr 30,- for personbil 2015, husk mynt!). fram til gratis parkeringsplass ved setra. Vil du slippe betaling kan ein parkere gratis ved idrettslagets sin parkeringsplassen ved bomstasjonen og gå dei omlag 2,5 km ekstra. Her ved bommen er det også satt opp eit turkart over Rekdalsmarka. Når ein har kome fram til parkeringsplassen før setra så følg setervegen over stølen med hytter. Kryss først ei lita bru over ei sideelv og kryss litt lenger fremme brua over Gjelstenelva, følg videre merka sti. Turen fra setra og fram til Forsevatnet er ca. 2,5 km.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar kan du parkere?

Det er parkeringsplass ca. 100 meter før en kommer til seterstølen/Rekdalsetra.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Traktorveg 0,3
God sti 2,7
Lengde tur/retur (km) 6 km
Lengde en vei (km) 3 km
Stigning meter grader
Total stigning 200 Høydemeter

Spesielle forhold

Rekdalsetra har vært brukt som seter for bøndene på garden Rekdal i mange hundre år. De siste åra er seterdrifta tatt opp igjen. Nå er det geit som rusler i terrenget her og som blir melka på setra. Gjelstenelva som stien går langs renner ned til Gjelsten, og det er Gjelstengardene som har fallrettigheter i elva. Elvevatnet ble nytta til å drive sag og kvern nede på Gjelsten. Ein kjenner til at det var sag der så langt tilbake som 1610. Oppe på Forsevatnen var det vasstemme slik at ein kunne regulere vassføringa i elva. Var det lite vatn til sagdrifta så måtte ein fram på Forsen for å åpne opp for mer. Enda i dag finnes det rester etter denne stemma ved utløpet, ein stokk som går på tvers over elva.
Fors som namnet kjem av var nok det gamle navnet på ein foss. Ordet fors er bevart i mange stadnavn. Ned i forsevatnet renn det flere fossar, og rett nedenfor vatnet er det også en foss.

Skatten attunder Skjeringen. (I Olav Rekdal si språkdrakt frå «Folkeminne frå Romsdal» 1933)
Attunder Skjeringen i Rekdalsmarka, skal det liggje ein skatt nedgraven, og han er so stor att han skal kunne skatte for Norge i 7 år. Men det er ikkje so lett å få ti han. For han ligg oppunder ei stor helle, og oppunder den hella ligg det ein forferdeleg stor lindorm og vaktar på skatten. Men kvar jonsoknatt må lindormen ned i Forsevatnet for å drikke, og då brenn det ljos over skatten – då må den være ute som vil prøve å få ti`n.

Men sjølv om ein finn fram til skatten, og fær hella tåvelta so er det endå ikkje so enkel ei sak å få han opp. Og den som det vil gjære må halde seg hard, og ikkje snakke eller anse på nokon anna ting før han hev fått skatten opp og bort med seg – for det er meir trollskap enn lindormen som er sett til å vakte skatten.

Gamle-Bakken og han Gamle-Pe Gjelsten hadde funne ti skatten ei jonsoknatt. Dei var komme so langt at dei heldt på velte hella ifrå, og dei høyrde kor det gløymde ti ein koparkjel nedi der. Men so vart dei var at Gjelstengarden stod i ljos loge. Og so la han Pe te nedover, og Gamle-Knuten etter. Men når dei kom ned og skulle te sjå var alt som det skulde vere nedpå Gjelsten. Og då forstod dei at branden hadde vore ei synkverving berre. Men skatten fann dei ikkje att meir.

Kart

1220 II Vestnes