Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Frey, radiostasjonen i Oksavika

Om turen

Gradering

Kommune

Sande

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

2,3

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Radiostasjonen ligg godt gøymd oppunder fjellet
Utsikt mot Syvdsneset og Syvdsfjorden
Utsikt mot Rovdefjorden og Rovdestranda
Kåken, radiostasjonen Frey

Frey, radiostasjonen i Oksavika

Kvifor gå denne turen?

Radiostasjonen Frey ligg i Almefjellet høgt over Oksavika. Hytta "Kåken" som ligg i fjellsida idag er ein rekonstruksjon av hytta som sto her under krigen. Turen er oppsett som blå tur, det er på grunn av dei siste 50 meterane opp til hytta.

Kvar i terrenget går turen?

Austa på husa i Oksavika går der ein traktorveg som går i sikksakk oppover i skogen, følg denne ca 950 meter oppover, ta til venstre og gå ein liten rygg oppover til eit stort berg, du skal då gå på venstresida av berget, du vil då finne eit tau som fører deg til "Kåken", dei siste 50 meterane før hytta går i bratt og steinete terreng, her kan det vere nødvendig å ta hendene til hjelp for å kome seg opp.

Kulturminne

Krigsminne. Påska 1944 kom KNM Hitra til Skorpa med to radioagentar, brørne Ole og Tore Snefjellå. Dei skulle etablere radiostasjon på sørsida av Gurskøya, med oppdrag å rapportere til London den tyske skipstrafikken som gikk i Rovdefjorden. Konvoiane gikk denne leia. Agentar og utstyr vart frakta frå Skorpesundet til Laupsneset av Erling Torvholm og Alfred Aursnes. Stasjonen vart etablert i terrenget der, men etter ei tid viste staden seg å vere ueigna og ny lokalitet måtte finnast. Agentane kom i kontakt med familiane Amund og Elias Oksavik, som vart medhjelparane deira. Desse medhjelparane var avgjerande for at stasjonen kunne vere aktiv over så lang tid. Radiostasjonen vart etter kvart plassert i Almefjellet, i ei hytte som folket i Oksavika sette opp og kamuflerte med jord, lyng og eine. Stasjonen var svært aktiv og vart etter kvart peila av tyskerane til å ligge i området Oksavika. I januar 1945 var tyskerane komne så nær stasjonen at agentane fann å måtte avslutte oppdraget og returnere til England. Den 22 januar 1945 vart dei henta av ubåtjagaren KNM Vigra i området der dei kom inn. Trass i iherdig leiting fann ikkje tyskerane hytta før dei tvinga Elias Oksavik opp i fjellet for å vise dei staden. Hytta vart då brend og alt fjerna. Tidsvitna Kjartan, Kåre og Nottung Oksavik, som budde i Oksavika den tida, har lagt grunnlaget for rekonstruksjonen av hytta som dei kalla "Kåken". Familien som bur i Oksavika har utført arbeidet med å bygge rekonstruksjonen. Prosjektet er gjennomført i samarbeid mellom familiane Oksavik og Herøy Rotary Klubb. Rekonstruksjonen vart markert den 22 august 2007.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå fv 61 ved Årvik ferjekai køyrer du austover ca 3 km, då er du i Oksavika.

Kvar kan du parkere?

Lite plass til parkering, det kan vere best å parkere ved sagbruket som ligg ca 300 m før Oksavika. Om mogleg så kan du ta kontakt med folket i Oksavika og spørje dei om kvar du kan parkere.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Traktorveg 1,9
Dårlig sti 0,4
Lengde tur/retur (km) 2,3
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 30 45
Bratteste helning ned 30 45
Total stigning 250 Høydemeter

Spesielle forhold

Gå gjerne inn i "Kåken" og skriv deg inn i gjesteboka. Husk å lat att grindene så vi slepp sauer på avveier.

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 III, Sunnmorskart.no