Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Garnestua - Flåna

Om turen

Gradering

Kommune

Ulstein

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

5,9

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Stien m/skilt finn du på venstre side av vegen når du kjem frå Haddal
Garnestua i sikte
Stiskilje - godt merka
Utsikt mot Fjellsvatnet og Hammarstøylvatnet

Garnestua - Flåna

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

Turen går på tørr og god sti, ingen særlig bratte parti og fin utsikt i mange retningar. Frå toppen ser ein både ut mot havet og innover fjordane og mot Sunnmørsalpane. Egnar seg godt som familietur. Turen vitjar 2 toppar: Garnestua (654 moh) og Flåna (612 moh) (eller Grøthornet, som mange kallar denne toppen)

Kvar i terrenget går turen?

Start ved Løset øvst i Ringstaddalen som går oppover frå Haddal. Der stien startar er det godt merka med skilt til Garnestua og Flåna, og dette er også Stikkut!-tur. Stien er tydeleg heilt til topps. Han går på ryggen og er tørr og fin. Du kjem til eit vegskilje like før toppen der det er merka mot Garnestua eine vegen og Flåna andre vegen. Viss du vil gå på begge toppane, må du først velje den eine og så gå bort til den andre etterpå. Returen tek du same veg som du kom opp.
Om du vil, kan du gå ned att via Hasundhornet. Då blir det ein litt lenger tur enn den som er omtala her.

Lenke til turbeskrivelse

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Volda/Ørsta: Køyr RV 653 gjennom Eiksundsambandet. Ta av ved skilt til Haddal og køyr opp gjennom dalen, delvis på grusveg. Ved Løsetvatnet er der ein parkeringsplass ved eit hyttefelt. Her kan du parkere og stien startar på venstre side av vegen.
Frå Ulstein/Hareid: Køyr RV61. Øvst på eidet mellom Hareid og Ulstein tek du av sørover (til høgre når du kjem frå Ulstein) på ein "fjellveg" som går over til Haddal. Du skal køyre forbi Hammarstøylvatnet (på venstre side) og Fjellsvatnet (på høgre side).

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 5,9
Lengde tur/retur (km) 5,9
Stigning meter grader
Total stigning 451 Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre (1998) - eit restopplag er tilgjengeleg hjå http://www.friluftsforeninga.no