Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Gjerdsvika - Hidsneset - Gjerdsvika

Om turen

Gradering

Kommune

Sande

Type tur

Padletur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

8,5 km.

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Gjerdsvika - Hidsneset - Gjerdsvika

Kvifor gå denne turen?

Flott padletur som ein kan nytte både kajakk og kano til.
Lett tilkomst frå parkering til stranda. ( ca. 30m. )
Ein opplever variert fugle og dyreliv langs med land.
Ein kan også kombinere denne turen med ein av dei flotte fjellturane i bygda, sjå på "morotur"

Kvar i terrenget går turen?

Etter start kan ein padle langs med sørsida av Gjerdsvika utover mot molen. Etter passering av moloen, følgjer ein land på nordsida vidare utover. Etter ca. 4,2 km. er ein framme ved fyret på Hidsneset. Om vèret er bar, kan ein gå i land her. ( vik på sørsida av fyret ). Retur tilbake til Gjerdsvika i same rute. Etter passering av moloen, kan en padle langs nordsida av Gjerdsvika tilbake til stranda.

Kvar startar turen?

Stranda i Gjerdsvika.

Kvar kan du parkere?

Parker ved hovudvegen, nær stranda. ( plass til 2 - 3 bilar )

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 8,5 km.

Mobildekning

Dekning heile turen.

Vurdering + beskrivelse av sjøforhold

Turen går i open sjø etter at ein passerer moloen.

Spesielle forhold

Bør vere fint vèr for å ta denne turen.

Kart

Sjøkart nr.30