Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Område

Eresfjord/Eikesdalen

Kommune

Nesset

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

13,2

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Utsikt nordover mot Langfjorden.
På veg opp har du utsyn til Skjorta (t.v.) og Litjskjorta.
Ufssalen, herifrå går stien i flatare høgfjellsterreng.
Utsikt mot Eikesdalsvatnet og Røndølskaret

Goksøyra

Kvifor gå denne turen?

Eresfjord. Goksøyra er sjølve monumentet i Eresfjord, der den frå den flate bygda rager rett opp til 1315 moh.
Fenomenal flott tur.
Først bratt og god sti opp skogslia til Ufssalen.(546 moh) Deretter høgfjellsterreng etter god sti til ca 800 moh. Derifra følgjer du steinvarder til topps. (vardesteinane er med ujamne mellomrom)
Frå toppen av Goksøyra har du ei fantastisk utsikt.

Kvar i terrenget går turen?

Turen følgjer god sti heilt til ca 800 moh. På den vesle knausen du passerer 781 moh, kan du velgje å ta rett opp den litt brattare fjellknausen istaden for stien vidare.
Det enklaste og lettaste er likevel å følgje stien.
Etter at denne forsvinn i terrenget runder du svagt oppover mot høgre. Hald til høgre for den store botnen (Kvilhaugbotnen ) og vidare opp til ein flat ryggformasjon. Her følgjer du opp langs venstresida av bekken. Noen steinvarader viser vegen.
Oppe i neste botn ligg det ein snøskavl. Denne kan du krysse rett over eller følgje steinryggen på venstre side.
Når du har passert snøfeltet er du snart opp. Det første du ser er den stygge parabolen til Telenor. Toppvaraden på Goksøyra ligg rett til høgre for denne.
Utsikta kan ta pusten frå deg ! Men gle deg likevel.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå fylkesvegen på austsida i Eresfjord tar du av kommunevegen mot Gransetra. Følg denne ein liten kilometer oppover til ein tømmerlunneplass på venstre side av vegen. Parker her. Derifrå går det også ein skogsveg opp til høgre. Det er her du starter. Følg denne som etter kvart går over til sti. Du kan også parkere noen hunder meter lenger opp, ved vassverkinntaket under Bjørbakken.

Kvar endar turen?

På veg ned igjen, ta gjerne ein tur nedom skaret mellom Goksøyr-toppane. Vill utsikt med bratte veggar ned denne renna.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 8,0
Natur 5
Lengde tur/retur (km) 13,2
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 100 18
Bratteste helning ned 100 18
Total stigning 1220 Høydemeter

Spesielle forhold

NB! Ikkje fell for fristelsen å kaste stein utfor fra toppen av Goksøyra. Det kan vere folk som klatrar i veggen under deg.

Kart

M711 1320 II Eresfjord