Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Gótene, Flø (Hokksteinen)

Om turen

Gradering

Kommune

Ulstein

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

3

Lengde en vei (km)

1,5

Total lengde rundtur (km)

3

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

 Utsikt mot fugleøya Runde og havet. Det er mogleg å ta en pust i bakken langsmed vegen.
Utsikt mot Godøya. Der grusvegen ender kan ein sjå Hokksteinen på høgre hand.
Parkeringsplassen ved enden av fylkesveg 25. Her er det informasjonsskilt om kulturminne og drikkefontene.

Gótene, Flø (Hokksteinen)

Fotograf: Siv Marina/Marius

Kvifor gå denne turen?

Enkel tur i flott natur utmed havet i eit rikt kulturhistorisk landskap. Turen passar godt for barnefamiliar, og kan også gjennomførast med barnevogn og rullestol. Turen til enden av grusvegen og tilbake tek kring ein halv time og går mellom beite- og slåttemark.

Kvar i terrenget går turen?

Du startar ved enden av fylkesveg 25 på ytre Flø i Ulstein. Gruslagt veg i nordaustleg retning i flatt terreng ut mot Gotene. Etter om lag 1,5 kilometer sluttar grusvegen og ein kjem til ein port og får den karakteristiske Hokksteinen på høgre hand.

Kulturminne

Langsmed vegen er det fleire freda kulturminne. På heile strekninga ut til Gotane ligg det ni gravrøyser frå eldre bronsealder og jernalder. Nokre kan vere vanskeleg å sjå, men det er sett opp informasjonsskilt ved starten av turen.

Tilgjengeleg med rullestol

Ja

Kvar startar turen?

Ytre Flø i bygda Flø i Ulstein. Frå Ulsteinvik køyrer du fylkesveg 25 mot Flø heilt til endes, knapt 10 km.

Kvar kan du parkere?

5-6 parkeringsplassar der grusvegen startar - ved enden av fylkesveg 25. Det er ikkje avmerka parkeringsplassar for bevegelseshemma, men sjølve turen er tilgjengeleg for rullestolbrukarar.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 3
Lengde tur/retur (km) 3
Lengde en vei (km) 1,5
Total lengde rundtur (km) 3

Offentlig transport

På vekedagar går det rutebuss fem gonger dagleg til Ytre Flø. Rutetider finst på Frammr.no. (færre avgangar i skuleferie)

Spesielle forhold

Ein kan velje å gå same vegen tilbake, eller gå ein lengre tur i stadig meir ulendt terreng. Om ein held fram 500 meter etter porten, kan ein gå opp Ytreflødalen og den meir krevjande turen til Skolma (635 m.o.h.).

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre