Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Ørskog

Type tur

Skitur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

5

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Frå Grytalisetra mot Høgsvora
Frå Grytalisetra ein kveld med fullmåneskin
Frå Grytalisetra mot Grytavasstinden og Fremste Skorkja

Grytalisetra

Fotograf: Hilde Sørdal

Kvifor gå denne turen?

Lett skitur i slakt og fint skogsterreng. Her er du så langt frå bilar og gatelys, at du enten må gå i måneskin, - eller ha med deg hovudlykt. I dei flotte skispora som eldsjeler frå IL Lauparen held ved like, kan du enten lange ut for å trene kondisjon og teknikk, - eller ta det meir med ro og nyte naturen.

Kvar i terrenget går turen?

Skisporet går først lang vegen over Vaksvikfjellet. Etter ca 1 km kjem du til eit vegkryss der også skiløypa deler seg. Her skal du halde til høgre. Du er no over på setrevegen mot Grytalisetra. Løypa går slakt nedover før den kryssar Fremsteelva på ei brei og ny bru. Så er det slakke motbakkar til du kjem til Grytalisetra. Er det måneskin, kan du sjå Skorkjene og etterkvart også Grytavasstinden i sør og aust.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Ta av frå riksveg 650 mellom Sjøholt og Stordal, i Vaksvika. Køyr austover på fylkesvegen mot Tresfjord. Du køyrer forbi gardane i Vaksvika og Vaksvikfjellet Camping. Køyr så langt vegen er brøyta.

Kvar endar turen?

Grytalisetra med gamle sel og nyare hytter.

Kvar kan du parkere?

Du kan køyre så langt vegen over Vaksvikfjellet er brøyta. Her er det vanlegvis greitt med parkering på kveldstid, men pass på å ikkje sette bilen på snuplassen.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Preparerte løyper 5
Lengde tur/retur (km) 5
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 1080 4
Total stigning 110 Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Mobildekning

Ja

Rasfare

Værforholdene og snøstabiliteten kan endre seg raskt, husk alltid å vurdere snøskredfare før du velger tur og rute. For oppdatert snøskredvarsel i Romsdalsområdet og informasjon om hvordan du selv kan redusere din egen risiko, gå til www.varsom.no. Snøskredvarselet vil aldri være en fasit på hvor det er trygt, men vil gi deg mer informasjon om forholdene slik at du selv kan gjøre fornuftige valg.

Nei

Kart

Ørskogfjellet