Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Område

Søre Sunnmøre

Kommune

Sande

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

1,8

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Råsa frå Gocartbana til Gyrinakken går opp gjennom skaret på sørvestsida av toppen og svingar opp med mobilmasta opp til toppen
Utsikt mot aust, Blåtinden til venstre, Liahornet i midten, Saudehornet og Liadalsnipa til høgre, Kleppeåsen og Heida nærmast
Utsikt mot vest, Nystøylhornet til venstre, Aurvollegga i midten, Røddalshornet til høgre delvis skjult av varden.
Utsikt ned mot Leikongsætra og Lysløypa, Rjåhornet oppe til venstre.
På veg ned skaret mot Gocartbana, Aurvollegga til venstre, Røddalshornet til høgre.
Utsikt mot nordaust, Hasundhornet, Flåna og Garnestua midt i bildet, Kongsvollen og Blåtinden til venstre for varden.

Gyrinakken

Kvifor gå denne turen?

Gyrinakken ligg på kommunegrensa mellom Sande og Herøy. Dette er ein enkel tur der du får god utsikt i alle retningar. Gurskøy IL har trimpost på toppen.

Kvar i terrenget går turen?

Frå parkeringsplassen går du på sørsida langs gocartbana ca 200m. Råsa startar i første svingen etter at du har passert verkstadbygget på Gocartbana. Råsa går då rett mot aust opp skaret på sørvestsida av toppen. Når du er komen opp skaret går råsa over myra og mot nord opp forbi mobilmasta som står på sørsida av toppen.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Gocartbana på sørsida av høgste punktet på fv 61 på Leikongeidet.

Kvar kan du parkere?

Parkeringsplass ved Gocartbana.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 0,3
God sti 1,5
Lengde tur/retur (km) 1,8
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 30 33
Bratteste helning ned 30 33
Total stigning 170 Høydemeter

Offentlig transport

frammr.no

Spesielle forhold

Då du må gå på Gocartbana sitt område for å kome til der råsa startar, må du vise hensyn og passe deg dersom der er køyring på bana. Farta kan vere høg!

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 II, norgeskart.no