Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Hasundhornet "ekstrem"

Om turen

Gradering

Kommune

Ulstein

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

3,9

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Her startar turen
Fin kveldssol
Utsikt mot Ulseinvik
Toppvarden

Hasundhornet "ekstrem"

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

Turen startar ved Gardshol og er nok den brattaste ruta til Hasundhornet. Likevel ikkje brattare enn at den er grei for dei fleste. Dette er ei solrik rute, og det er ikkje minst flott å gå denne ruta om kvelden og få med seg solnedgangen. Om våren finn ein svært mykje kusymre i området

Kvar i terrenget går turen?

Ruta har tydeleg sti og starten ved RV61 er godt merka. I omlag 340 meters høgde (N62° 18.605' E5° 52.219') kjem du inn på ein gamal kjerreveg. Her tek du til venstre. Du passerer nokre gamle murar i omlag 400 meters høgde. Gå forbi desse og vidare på tydeleg sti til topps. Stien går langs kanten av fjellet med god utsikt særleg mot Dimna og Herøy

Kulturminne

I 400 meters høgde passerer du nokre steinmurar. Dette er restar etter gamle torvløder. Her vart det samla og tørka torv som seinare vart sendt ned med løypestreng

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Start ved RV61 omlag 500 m etter avkøyring til Dimna når du kjem frå Ulsteinvik. Starten er godt merka. Like ved start er det god plass til å parkere

Kvar kan du parkere?

Like ved start er det godt med plass til å parkere

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 3,9
Lengde tur/retur (km) 3,9
Stigning meter grader
Total stigning 490 Høydemeter

Offentlig transport

Buss mellom Volda/Ørsta og Hareid/Ulstein
http://www.frammr.no

Kart

norgeskart.no