Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Område

Søre Sunnmøre

Kommune

Herøy

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

2,8

Lengde en vei (km)

1,4

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

På dei våtaste partia opp gjennom skogen er der lagt ut trebruer.
Komne oppom skogen, Grøthornet og Vasshornet til venstre, Gyrinakken og Røddalshornet til høgre.
Utsikt ned til Leikong.
Utsikt mot aust, Eiksund til venstre, Liahornet i skyene, Liadalsnipa og Lidaveten i midten, Helgehornet til høgre.
Mot sør ser vi Rovdefjella, frå venstre Skåla, Kjerringa, Skoratinden, Storhornet, Trollkoppehornet og Sandegga.
Utsikt mot nordaust, Leikong til venstre, Ulsteinvik i midten, Haddal til høgre.

Heida

Kvifor gå denne turen?

Turen til Heida er ein lett og fin tur med god utsikt frå toppen mot Sunnmørsalpane, Rovdefjella, fjella i Indre Herøy og fjella i Ulstein. Turen går på skogsveg og god rås i skogen opp mot toppen. Der er lagt ut trebruer på dei våtaste partia. Gurskøy IL har trimpost på toppen.

Kvar i terrenget går turen?

Start på parkeringsplassen i Kleppefurene og gå skogsvegen mot vest og ta til venstre i første vegkryss (etter ca 100m) gå deretter vegen sørover til endes (ca 250m) kryss elva og gå råsa sørover opp gjennom skogen, når du har gått ca halve lengda mot toppen svingar råsa mot aust og går over myrane mot toppen.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Ta av frå fv 61 i vegkryss austapå Leikong kyrkje, skilta mot Voldnes, køyr Jøsokvegen ca 1,3 km og ta til høgre og køyr ca 600 m og ta til høgre i vegkryss etter skule/grendahus og køyr skogsvegen ca 600 m til parkeringsplassen i Kleppefurene. Parker her.

Kvar kan du parkere?

God parkeringsplass i Kleppefurene.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Traktorveg 0,7
God sti 2,1
Lengde tur/retur (km) 2,8
Lengde en vei (km) 1,4
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 100 25
Bratteste helning ned 100 25
Total stigning 190 Høydemeter

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 II, norgeskart.no