Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Helgehornet frå Eidheim

Om turen

Gradering

Kommune

Volda

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Frå parkeringa ser du mot startpunktet/postkassestativet
Passer til venstre for denne hytta dersom du startar ved postkassestativet
Tilbakeblikk mot Tua
Utsikt mot Lauvstad
Sikt deg inn mot denne jakthytta på returen
Utsikt mot Eidheim og Liadalsnipa

Helgehornet frå Eidheim

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

Helgehornet er ein lett tilgjengelig fjelltopp som får svært ofte besøk. Dei aller fleste går frå Sollidalen eller frå Hovdevatnsida. Vil du gå ei rute som er litt lenger og der du møter færre folk, er dette eit godt val. Undervegs har du et flott utsiktspunkt på Tua. Stien er tydeleg, og frå Tua til topps er det godt merka. Det er flott utsikt frå Helgehornet i alle retningar!

Kvar i terrenget går turen?

Start på Eidheim like nedanfor to hus på oppsida av vegen (dei første husa etter at du har passert vegen til Lidaveten). Start enten ved eit postkassestativ eller på ein veg som etterkvar går over i ein sti som går langs eit gjerde. Stiane møtast etter eit lite stykke, så du kan velge den du vil. Følg stien gjennom skogen. Når du kjem ut av skogen svingar den seg ut til Tua. Her er det fint å gjere ein liten stopp før du går vidare; her er det flott utsikt. Stien er godt merka vidare til Helgehornet. Han går litt opp og ned over nokre haugar før det stig jamnt oppover til toppen. Frå toppen av Helgehornet er det flott utsikt i mange retningar! Returen kan du ta same vegen som du kom, eller du kan korte den ned ved å finne ei rute ned frå ein varde (N62° 11.555' E5° 59.911') mot Vasshaugen. Sikt deg inn på ei jakthytte (N62° 11.938' E5° 59.526') og følg stien nedanfor hytta til du møter stien du gjekk på turen opp. (N62° 12.042' E5° 59.405')

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Volda og Ørsta køyrer du E39 til Egset eller til Furene. Frå Egset: Ta av på FV47. Frå Furene: Ta av på RV653 til Eiksundtunnelen og vidare på FV47. Køyr til Berkvika/Indre Lid, ta av opp Eidheimsvegen og følg denne til du passerer skogsvegen som går til Lidaveten. Like etter denne og før du kjem til nokre hus på oppsida av vegen, er det ei lita avkøyrsle/lomme der du kan parkere.

Kvar kan du parkere?

Parkering på ei lomme langs vegen like før start. Ev. kan du parkere der ein startar når ein skal på Lidaveten.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 6,1
Natur 1
Stigning meter grader
Total stigning 609 Høydemeter

Kart

Sunnmørsalpane