Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Hestehornet-Vatnenipa-Koppefjellet

Om turen

Gradering

Område

Søre Sunnmøre

Kommune

Volda
Ørsta

Type tur

Fottur

Gradering

XXX Rød

Total lengde rundtur (km)

10,2

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Ein får tidleg fin utsikt
Tilbakeblikk på ruta frå Hestehornet til Vatnenipa
Vadsteinvatnet
Utsikt mot Volda
Utsikt mot Aldalen og Austefjorden
Mot Vatnenipa

Hestehornet-Vatnenipa-Koppefjellet

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

Dette er turen som har alt; litt bratt opp til Hestehornet, rygg vidare som smalnar av før ein klyv opp nipa. Så vidare mot Koppefjellet med vidt utsyn, ned til idylliske Vadsteinvatnet, og til slutt passerer vi to setrar, Rotevassætra og Krøvelsætra.

Kvar i terrenget går turen?

Start like før eit lite hyttefelt. Det er merka og skilta til Hestehornet. Gå først rett fram på stien, så litt til høgre, før du går til venstre etter 50-100 m. Stien er godt merka opp gjennom skogen og ryggen, til Hestehornet. Frå Hestehornet følger du sti vidare langs kanten. Den er lett å finne det meste av turen vidare mot Vatnenipa, men nokre plassar er den litt utydeleg. Sikt deg inn på ryggen om du mister den, Det smalnar av når du nærmar deg Vatnenipa, og like før oppstiginga er det på det smalaste. Her er god sti å gå på. Sjølve klyvinga opp til Vatnenipa er ikkje veldig vanskelig, men nokre kan nok oppleve den som litt luftig. Gi deg tid og sjå kvar andre har gått før deg så går det fint å finne vegen. Når du har komt opp på Vatnenipa vandrar du vidare mot varden på Koppefjellet. Her er det vidt utsyn, og det er også her du best ser ruta du har lagt bak deg. Frå Koppefjellet og ned til Vadsteinvatnet er det delvis sti. I starten er den tydeleg, etterkvart må du finne beste ruta nedover sjølv. Nede ved vatnet finn du sti som du følger langs vatnet. Du passerer ei hytte i nordenden. Følg stien vidare frå vatnet og nedover til du ser ei bru på di venstre side. Her tek du 90 grader til høgre over eit myrlendt område utan sti, til Rotevassætra. Frå Rotevassætra går det sti vidare til Krøvelsætra. Her er ein del våte område, men stien er tydeleg. Ved Krøvelsætra er du tilbake på skogsvegen. Følg denne tilbake til der turen starta.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Volda sentrum køyrer du E39 mot Stryn. Ved ei rundkøyring tek du av mot Vikebygda (FV 45). Følg vegen heilt over Krøvelseidet. Omlag 1 km etter der vegen smalnar og like etter nokre svingar, seg du skogsvegen du skal køyre (Nygjerdsvegen). Her er det bompengar (2017: kr.30). Køyr bomvegen til du ser skiltet til Hestehornet like før eit lite hyttefelt.
Frå Ørsta sentrum følger du 655 mot Sæbø. Ta av ved skilt som viser til Volda etter ca 9 km. I bakkane omlag 1,5 km etter at du tok av, ser du skogsvegen.

Kvar kan du parkere?

Parkering langs vegen

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 0,4
God sti 6,8
Dårlig sti 1
Natur 2
Total lengde rundtur (km) 10,2
Stigning meter grader
Total stigning 790 Høydemeter

Offentlig transport

Ev. sykle til start

Spesielle forhold

Frå toppen av Koppefjellet kan du gå ryggen nordover; ei kortare rute ned til Rotevassætra. Her er berre tidvis sti og du må gjennom skog

Kart

Sunnmørsalpane