Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Hornindal (Sogn og Fjordane)

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Total lengde rundtur (km)

8,9

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Godt skilta ved start
Skilta har hatt ein hard vinter, men viser veg
Flott utsikt!
Her skal du ta austover, like før Kviven
Ein ser langt mot vest og utover Austefjorden

Høgenibba

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

Høgenibba er eit populært turmål i skisesongen. Men det er vel verdt å ta turen utanom skisesongen, for dette er ein fin tur også på beina! Turen er ein del av "Hornindal-rundt" og er merka med kvite merke, så det er lett å finne vegen. Variert terreng; først gjennom bjørkeskog og blåbærlyng og vidare i ope lende når ein kjem over tregrensa

Kvar i terrenget går turen?

Start ved parkeringsplassen eit lite stykke før Storesætra. Her er ein stor parkeringsplass og godt skilta, så det skal vere lett å finne starten på turen. Ruta er ein del av fjelløpet Hornindal rundt, som går av stabelen i byrjinga av juli kvart år. Den er difor godt merka med kvite merke og desse kan du følge heilt til topps. Ruta er merka i den retninga løpet går, så dersom du går motsatt veg er det ikkje like godt merka.
Stien er tydeleg nesten heile vegen til topps. Nokre våte parti første delen og nokre parti med utydeleg sti mot slutten, men følg merkinga så finn du vegen. I høgde 800 m.o.h. (N62° 00.908' E6° 31.758') deler stien seg. Følg skilting til Høgenibba 1,1 km. Denne er merka med kvite merke.
Frå toppen kan du velge å ta same ruta ned att, eller følge den kvitmerka ruta mot Kviven. Dersom du tek ruta mot Kviven, skal du følge denne nedover i 1,2 km til du kjem ned til skilt 880 m.o.h. (N62° 00.845' E6° 29.452'). Her skal du følge skilting mot Grendadalen, rett austover. Stien går i 850 meters høgde i 2,5 km. Den er litt utydeleg nokre plassar, men sjå etter raude merke, så finn du vegen. Du kjem til stidelet der du gjekk opp til Høgenibba og derifrå følger du stien ned att til start

Lenke til turbeskrivelse

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Kjem du frå Volda eller Stryn på E39 tek du av mot Hellesylt og Stranda (FV60) like vest for Grodås sentrum. Du kjem til eit par skarpe svingar og kryssar ei elv. Like etter desse svingane tek du av mot Ytrehorn og skisenter. Følg skilting mot skisenteret. Du skal køyre heilt opp til skisenteret, over parkeringsplassen og vidare grusvegen frå enden av parkeringsplassen. Hugs å betale vegavgift på kr.50. Følg grusvegen, litt over 1 km, til du kjem til starten av turen. Starten er tydeleg merka med skilt og det er godt med parkeringsplass.

Kvar kan du parkere?

Parkering der turen startar. Vegavgift kr. 50 (2018) Betal kontant eller til kontonummer

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 8
Dårlig sti 0,9
Total lengde rundtur (km) 8,9
Stigning meter grader
Total stigning 825 Høydemeter

Offentlig transport

Nei